EUROLEIF hadde ein noko skrøpeleg fotballsesong i 2011, opptatt som han var med å få i gang den nye EUROPRIS-butikken på Verksmoen. Der er kvindølen som kjend styrar. No har me frå sikre kilder at ein slik nedtur innan idrotten vil mannen ikkje oppleve ein gong til. Han har fått familierådet med på at han skal få bruke all ledig tid og alt overskot etter butikkjobben, til å satse for fullt på fotballen igjen.
(saka fortset under biletet)
Lykka finst under regnbogen! Det har gått fint for EUROPRIS på Evje den første tida. Men pengar på kistebotnen er ikkje alt, og no vil styraren - EUROLEIF som han yndar å kalle seg i den internasjonale web-verda - ofra seg for fotballen igjen.
Dei tilsette sine rettar til medbestemming i arbeidsforholdet, vunne gjennom fleire hundre år med fagleg kamp, er satt ut av spel. Det er mest ikkje til å tru, for butikkstyraren er au ein av dei mest sentrale Arbeiderpartipolitikarane i bygda. Eit Arbeiderparti som tradisjonelt har hatt sterke band i høve til fagrøyrsla. Men EUROLEIF meiner dette med fotballen er særs viktig for personleg utvikling, og dermed au for at han skal gjere ein best mogeleg jobb i butikken. Han styrer vaktlistene med beinhard hand, og set Gry Anita og dei andre tilsette opp på alle dei mest ulagelege vaktene, fast bestemt på at her skal han ikkje gå glipp av ei einaste fotballtrening i 2012. Det bakanforliggande målet er sjølvsagt å sikre seg ein fast plass som midtstoppar på Otra sitt A-lag i 6. divisjon i 2012. Slik den godaste kvindølen hadde seinast i den glimrande comeback-sesongen sin på fotballbanen i 2010; det fabelaktige fotballåret då Otra for fyrste gong på 21 lange år fekk oppleve korleis det kjentes å vinne serien.
Det er mykje inspirerande, både for dei andre spelarane på A-laget og for heile fotballmiljøet, at den karismatiske, normalt fysisk velutvikla og mykje entusiastiske butikkstyraren no vil satse for fullt att på fotballen. Me ynskjer EUROLEIF lukke til med fotballsesongen 2012!
Det var ei framifrå stemning då A-lagstrenaren og EUROLEIF møttes på Evje stadion noko tidlegare i haust for å feira nyhenda om at sistnemde vil satse for fullt på fotballen i 2012.