Fotball & kameratskap!
Kvelden starta ganske greitt og med stor optimisme hos desse karane. Fotballgiganten Liverpool skulle møte vesle Stoke i Premier Leauge, og sigeren var innkassert på førehand. Frå balkongen på Galeien venta gutane bare på at festfotballen skulle kome i gang på storskjermen til Colin.
Diverre gjekk det på nytt skeis for dei ihuga Liverpool-supporterane. Laget er inne i ein lei bølgedal, og tapte heile 0-2 for dei hardtarbeidane amatørane frå Stoke. Mykje pengar og høg sigarføring er ikkje einaste vegen til topps. Slukøyra måtte gutane hente fram rullatorane og trille over på Dølen Hotel saman med resten av gjengen. Der ville dei prøve å døyve skuffinga med ein betre middag...
Når ein er komen i rullatoralder (40 pluss) betyr mat ofte meir enn treningsgrunnlag. Geir Ove (t.v.) og Tommy kom i eit strålande humør då manager Tore (t.h.) gjorde menyen for kvelden kjend: Juletallerken med drikke til, og med heile to - 2 - serveringar! Og riskrem til dessert. Alt dog betalt av ein sjølv...
Ut frå tidlegare erfaringar med samankomster av dette slaget, hadde styret i fotballen på siste møtet bestemt at dei måtte sende ein observatør for å sjå til at det heile gjekk føre seg på ein sømeleg måte. Styreleiar Geir seier til otrail.no at "Eg har sjeldan sett ein meir pynteleg gjeng. Det er tydeleg at damene gutane har møtt frametter i livet har fått skikk på dei fleste."
Knut (t.h.) har framleis kropp som ei fjellgeit, og var måtehalden med både maten og drikka. Old boys spelar Jan Robert, som akkurat denne kvelden viste større innsatsvilje i matfatet enn på old boys kampane, meinte Knut måtte ta føre seg: "Du må byggje opp meir pondus og spekk for å kunne stå imot dei harde taklingane til Helge "Hulken" Bjorvand på treningane."
Helten frå NRK Sørlandet si nyheitssending for nokre dagar sidan, Vegard Moi - som langtfrå har nådd rullatorstatus når det kjem til alder - hadde fått lurt seg med på endå ein fest. "Her er det tydeleg mange som har mykje større skavankar med kroppen sin enn meg, så her passer eg godt inn" var hans lakoniske forklaring på kva han gjorde i dette selskapet.
Store delar av kvelden herska det ein isfront mellom Tony (t.v.) og Helge. Helge var som lyn frå klår himmel vraka frå herrelaget i handball sin kamp mot Randesund i Kristiansand tidlegare på ettermiddagen, og forsto ikkje noko av det: "Det er bare æ som kan alle systemane, det går bare i surr hvis ikke æ er der til å sette de i gang." Så fekk då au Helge rett i at vrakinga var heilt skandalaus - herrelaget tapte så det suste i byen. Tony var langt frå høg i hatten då han kom til middagen, rett frå kampen i byen, og måtte forklare fadesa for Helge. Heldigvis tøydde dei to kamphanane opp etter kvart. Og historia har alt fått eit lukkeleg etterspel: Helge var attende på laget i kampen mot Holum i Otrahallen søndag kveld. Der var han som ei granittblokk i forsvarsspelet, og dirigerte angrepsspelet som ein Napoleon på slagmarka. Otra var tilbake på sigerssporet. Det vert nok lenge til den 54-årige handballkjempa vert sett ut av laget igjen!
Tony, som var litt slukøyra etter fadesen med vrakinga av Helge, prøvde å finne trøyst og oppmuntring i matfatet. Det var som alt nemd to omgangar med servering. Dei fleste tok godt føre seg. Men Tony var den einaste som måtte få inn to tallerkenar. Den fyrste blei etterkvart så full av svor og avgnagde bein at den måtte bytast ut.
Etter den dugelege matøkta var det fleire som ville vise seg fram på biljardbordet. Minna frå dei glade 80-åra på Dølen Diskotek strøymde på. Geir Ove hadde framleis teknikken inne, men siktet var langt frå like skarpt.
Svein Arne meiner han er ein av dei beste biljardspelarane bygda har fostra opp. Me fekk ikke sjå særleg mange prov på det denne laurdags kvelden.
Manager Tore var i godt lag og tykte det var triveleg å vere saman med undersåttane sine. Særleg lys i humøret blei han då han etter ei umåteleg konsentrasjonsprøving fekk slege ut den meir stormunna Svein Arne.
Kvelden slutta (ikvartfall for otrail.no sin fotograf) med at Tore (t.v.) og Ricky skværa opp etter den hårreisande vrakinga av Ricky til ein rullatorkamp tidlegare i sommar. Etter den hendinga har dei to elles omgjengelege karane ikkje vore heilt på talefot. Men etter at Ricky (49) fann ungdomskilda under turen til Norway Cup, og spela ein brukbar kamp for A-laget mot Randesund 2 om opprykk til 5. divisjon, har nok den godaste Tore skjønt at Ricky må vere "bankers" på laget. No vart han lova både fast plass til evig tid - OG eit solid lønspåslag! Venskapet var gjenoppretta, og freden senka seg over rullatorgjengen etterkvart som laurdagsnatta lei mot søndag.
Takk for i år!