|
Otra Idrettslag vart stifta i juli 1960, og fylde såleis 50 år i 2010
|
|
Feiringa av 50-årsjubiléet gjekk føre seg heile året. Høgdepunktet var sjølve jubileumsfesten i Otrahallen 21. august
|
|
Otra IL har i dag 1189 medlemer. Det er høgaste talet nokon gong
|
|
8 av 10 ungdomar (13-19 år) i Evje og Hornnes kommune er med i Otra
|
|
8 av 10 born (6-12 år) i kommunen er med i Otra
|
|
Medlemstala er bland dei beste i Noreg sett i høve til folketalet i kommunen
|
|
Handballgruppa er største undergruppa med 336 medlemer. Skigruppa er ein god nr. 2 med 334
|
|
Margit Wiberg stod truleg for beste sportslege prestasjonen i 2010, då ho vann heile fire krinsmeisterskap på ski
|
|
Hanne Cecilie Nicolaisen var med på landslagssamling (L-94) i handball
|
|
Hanne Cecilie Nicolaisen (handball) og Yuusuf Sharif (fotball) blei tildelt kommunen sitt idrettsstipend for 2010
|
|
Inntektene i hovudlaget og dei ti undergruppene samla er 3,4 mill kroner i 2010. Samla utgifter er 3,2 mill.
|
|
Samla årsoverskot utgjer kr. 238.251,-
|
|
Otra IL med undergrupper har eigarinteresser i tre aksjeselskap: Otrahallen AS (60 %), Otra Tur- og løypeservice (100 %) og Otra Portal (100 %)
|
|
Otra har tilsett dagleg leiar (Tony Halsall) i 70 % stilling
|
|
Den friviljuge innsatsen i Otra IL utgjer om lag 18,8 årsverk, og er verdsett til 6,6 mill kr. i samfunnsreknskapen som Statistisk Sentralbyrå utarbeider kvart år
|
|
Otra IL mottok Evje og Hornnes kommunes Frivillighetspris for 2010
|
|
Laget fekk to nye æresmedlemer i 2010: Sigurd Haugom og Odd Harald Robstad
|
|
To av æresmedlemene i laget, Sigbjørn Kjetså og Odd Harald Robstad, blei i 2010 tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv for deira mangeårige friviljuge innsats på ulike område i bygda
|
|
Otra IL si heimeside, www.otrail.no, er særs populær. I januar 2010 var det heile 49.980 unike vitjingar på sida. I meldingsåret frå oktober 2009 til september 2010 var det opp mot ein halv million vitjingar!
|
|
I jubileumsåret 2010 gav Otra IL ut si eiga jubileumsbok. Læraren, historikaren, forfattaren og kulturpersonlegdomen Olav Arne Kleveland skreiv boka - til S i karakter
|
|
Hovudsponsor for Otra IL frå 1982 til i dag er Evje og Hornnes Sparebank
|
|
God støtte frå hovudsponsoren, Evje og Hornnes kommune og ei lang rekkje større og mindre sponsorar og samarbeidspartnerar, var med på å gjere 2010 til eit strålande jubileumsår
|
|
Men utan ein stø grunnmur står ikkje huset trygt:
Alle dei samvitsfulle og dyktige trenarane og leiarane på alle nivå i klubben utgjer sjølve fundamentet. Dei er hovudårsaka til at laget har gjennomført eit jubileumsår med større aktivitet enn nokon gong
|
|
Takk alle saman, anten du er støttespelar eller spissen på laget, for DITT bidrag i 2010!
|