design element
www.otrail.no
 
SØK    

design element
 
HOVEDSPONSOR
design element
WEBSPONSOR
design element
Velkommen til Otra Idrettslag sin hjemmeside
BARNEIDRETT
FOTBALL
FRIIDRETT
BADMINTON
HÅNDBALL
INNEBANDY
KLATRING
ORIENTERING
SKI
SYKKEL
OTRA IL
  • Medlemskap i Otra IL
    design element
  • Nyhetsarkiv
    design element
  • Organisasjonsplan
    design element
  • Otra IL på Facebook
    design element
  • Kontakt oss
    design element
  • Politiattester
    design element
  • Bilder og OtraTV
    design element
  • Otrahallen
    design element
  • Grasrotandelen
    design element
  • Otras lover
    design element
  • Visjon og verdigrunnlag
    design element
  • Presentasjon av Otra IL
    design element
  • Referater
    design element
  • Linker
    design element
design element
OTRAHALLEN OG
TRENINGSSENTERET
design element
OTRA TUR OG
LØYPESERVICE
design element
OTRA PORTAL

Postadresse:
OTRA IL
Postboks 108
4733 Evje

Besøksadresse:
OTRAHALLEN
4737 Hornnes

Telefon kontor:
379 30 506

E-post:
post@otrail.no
design element
design element
 
Arkiv:
År: 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018
Måned: 01 02 03 04 05 06 07 08 09 10 11

Siste 10 fra OTRA


25.11.2010
Stikkord frå 2010
Årsmeldinga for 2010 fortel om eit strålande jubileumsår. Her er ei kort oppsummering.

Jubileumsåret 2010

 

Otra Idrettslag vart stifta i juli 1960, og fylde såleis 50 år i 2010

 

Feiringa av 50-årsjubiléet gjekk føre seg heile året. Høgdepunktet var sjølve jubileumsfesten i Otrahallen 21. august

 

Otra IL har i dag 1189 medlemer. Det er høgaste talet nokon gong  

 

8 av 10 ungdomar (13-19 år) i Evje og Hornnes kommune er med i Otra 

 

8 av 10 born (6-12 år) i kommunen er med i Otra 

 

Medlemstala er bland dei beste i Noreg sett i høve til folketalet i kommunen 

 

Handballgruppa er største undergruppa med 336 medlemer. Skigruppa er ein god nr. 2 med 334

 

Margit Wiberg stod truleg for beste sportslege prestasjonen i 2010, då ho vann heile fire krinsmeisterskap på ski 

 

Hanne Cecilie Nicolaisen var med på landslagssamling (L-94) i handball  

 

Hanne Cecilie Nicolaisen (handball) og Yuusuf Sharif (fotball) blei tildelt kommunen sitt idrettsstipend for 2010 

 

Inntektene i hovudlaget og dei ti undergruppene samla er 3,4 mill kroner i 2010. Samla utgifter er 3,2 mill.

 

Samla årsoverskot utgjer kr. 238.251,-

 

Otra IL med undergrupper har eigarinteresser i tre aksjeselskap: Otrahallen AS (60 %), Otra Tur- og løypeservice (100 %) og Otra Portal (100 %)

 

Otra har tilsett dagleg leiar (Tony Halsall) i 70 % stilling 

 

Den friviljuge innsatsen i Otra IL utgjer om lag 18,8 årsverk, og er verdsett til 6,6 mill kr. i samfunnsreknskapen som Statistisk Sentralbyrå utarbeider kvart år 

 

Otra IL mottok Evje og Hornnes kommunes Frivillighetspris for 2010

 

Laget fekk to nye æresmedlemer i 2010: Sigurd Haugom og Odd Harald Robstad 

 

To av æresmedlemene i laget, Sigbjørn Kjetså og Odd Harald Robstad, blei i 2010 tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv for deira mangeårige friviljuge innsats på ulike område i bygda

 

Otra IL si heimeside, www.otrail.no, er særs populær. I januar 2010 var det heile 49.980 unike vitjingar på sida. I meldingsåret frå oktober 2009 til september 2010 var det opp mot ein halv million vitjingar!

 

I jubileumsåret 2010 gav Otra IL ut si eiga jubileumsbok. Læraren, historikaren, forfattaren og kulturpersonlegdomen Olav Arne Kleveland skreiv boka - til S i karakter  

 

Hovudsponsor for Otra IL frå 1982 til i dag er Evje og Hornnes Sparebank

 

God støtte frå hovudsponsoren, Evje og Hornnes kommune og ei lang rekkje større og mindre sponsorar og samarbeidspartnerar, var med på å gjere 2010 til eit strålande jubileumsår 

 

Men utan ein stø grunnmur står ikkje huset trygt:
Alle dei samvitsfulle og dyktige trenarane og leiarane på alle nivå i klubben utgjer sjølve fundamentet. Dei er hovudårsaka til at laget har gjennomført eit jubileumsår med større aktivitet enn nokon gong 

 

Takk alle saman, anten du er støttespelar eller spissen på laget, for DITT bidrag i 2010!  

 


 
 
design element
HVA SKJER I OTRA IL
{hva_skjer_otra_b}
design element
NYTT FRA UNDERGRUPPENE
BARNEIDRETT Ingen turn høsten 2018 De
design element
FOTBALL Rullatorene triller innen
design element
FRIIDRETT Otra IL drakter Vi skal h
design element
HÅNDBALL Info på hjemmeside Hei al
design element
INNEBANDY Årsmøtet 21. februar kl 2
design element
KLATRING Årsmøte Otra IL Klatring
design element
ORIENTERING Premieutdeling/årlig møte
design element
SKI Stor helg på Gålå for Son
design element
SYKKEL KLUBBTØY I NY KOLLEKSJON
design element
BADMINTON Høstens turneringer Husk
design element
design element
SPONSORER / SAMARBEIDSPARTNERE
design element
 
design element
 
design element
 
design element
 
design element
 
design element
 
design element




  Copyright ©: Otra IL   Design: Kjetså Design AS   Tekninsk løsning: Nettkroken AS