Eit godt besøk før heimfarten!
Heiderskaren og fjellgeita Birger treng óg sukker til klatremusklane sine
Eg har eit voldsomt strevsamt program i jula! Eg skal treffe born og vaksne i heile verda, og samstundes hugse på den tradisjonsrike vitjinga på siste treninga i Otrahallen før jul for skifolket. Den har eg fått med meg i ei årrekke no, og eg set stor pris på alle dei blide folka i denne hausne idrettsgjengen. I år var det i siste liten eg kom i hug den rette dagen; då det glimta til under nisselua måtte eg berre hive på meg nissedrakta i ein fart og gi meg i veg - heilt får heimstaden min langt her oppe i dei finske urskogane.
Eg trur guten fekk nytte av sukkertilskotet etterkvart, men det gjekk ei god stund før han skjøna korleis han skulle få opna pakninga
Hos han general Feed i Otrahallen var det som alltid gildt og god stemning, for ikkje å seie sitjestilling, og eg tykkjer nok at det i år har vore særskild mange snille jenter og gutar i denne flokken.
Etter den fine men ganske strevsame vitjinga i Otrahallen, var det godt å kome inn i den litt rolegare og meir avslappa atmosfæren hos Birger og Einar Kristian i Treningssenteret (eller "Pumpehuset" som mange tykkjer kalle det i dagleglivet). Feed er ein god og stillferdig gut på botnen, men samstundes kan han vere litt av ein slavedrivar óg. Men det må truleg til, eg trur nok folka her i bygda treng ein slik hærførar til å sparke dei noko bak ein gong innimellom...
Einar Kristian fekk au fylt opp sukkerlageret. Han treng mykje saft og kraft nå han skal slenge avgarde diskosskiva si
Engelskmannen i bygda tykte det var stas med nissebesøk. Han hadde til nå trudd at einaste nissen i kommunen var naboguten...
Jentene på gymnaset vart litt forskrekka. Dei hadde ikkje venta å sjå nissen før i slutten av veka
Det var godt med ein kvil i bakken hos de to atletane Einar Kristian og Birger før eg måtte ta til på den lange vegen heim til Finland. Der skal eg no i gang med dei siste førebuingane til den aller største kvelden i året, sjølvaste jolaften. Om berre alle har vore snille og greie med kvarandre det siste året, kjem eg nok på vitjing i mange hus og heimar i bygda den kvelden.
Ha det fint så lenge, og stell dykk greit i julestria. Hugs at mykje av det som er godt i livet - venskap, samhald, kjærleik og omsut for kvarandre - ikkje kan kjøpast for pengar!