Ei endeleg avklaring av om prosjektet verkeleg kan gjennomførast får me altså ikkje før ved juletider. Men signala frå kommunalt hald om vilje til å støtte prosjektet er gode, slik dei har vore gjennom heile prosessen. Me jobbar difor vidare med saka ut frå same tidsplan som før - bygging av banen våren 2011 og opning seinast til haustsesongen 2011.
Som følgje av at grunnspørsmålet har trekt noko ut, er også utgraving av byggegropa utsett. Me kan ikkje grave på annan manns (Forsvarets) grunn. Men om det no slik lova kjem ei avklaring av grunnspørsmålet innan kort tid, har me framleis håp om å starte grunnarbeida i haust.
Om grunnarbeida må utsetjast til våren, skaper det truleg ikkje forseinkingar i prosjektet. Med godt vær kan banen uansett byggjast ferdig på 2-3 månader våren og forsommaren 2011.
Om lag slik er den nye kunstgrasbanen tenkt plassert