|



Postadresse:
OTRA IL
Postboks 108
4733 Evje
Besøksadresse:
OTRAHALLEN
4737 Hornnes
Telefon kontor:
379 30 506
E-post:
post@otrail.no
|
 |

| |
Arkiv:
År:
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015
2016
2017
2018
Måned:
01
02
03
04
05
06
07
08
09
10
11
Siste 10 fra FOTBALL
|
14.01.2011
Forsterkingar frå Åseral!
G-15 satsar stort i 2011, med både eit 11-ar og eit 7-ar lag i seriespelet. Det er samanslåing av årsklassane 1997, 1996 og 1995 som gjer dette mogeleg. Saman med solide forsterkingar frå nabobygda Åseral. Sølve Skaret og Tore Forgard kom med på G-14 alt i fjor haust. På treninga på Evjetun torsdag kveld var Vilde Thorsland, Elias Åsland, Morten Austegard og Arild Stensland med for fyrste gong. Me håpar treninga gav meirsmak, og at alle blir med på laget vidare. Velkomen i Otra!
|
|
|
Otrail.no sin utsende slit noko med hugsen. Så det kan gå litt i ball med namna her. Men me meiner dei nye åsdølane er (frå venstre) Arild Stensland, Vilde Thorsland, Elias Åsland og Morten Austegard. Høgrebeinte Vilde imponerte stort på treninga, med fleire gode VENSTREBEINSSKOT. Morten var noko uheldig og slo seg kraftig i skuldera etter eit ublitt møte med veggen. Me håpar skaden ikkje er alvoreg, og at han er klar igjen alt til neste trening. Arild synte fram ein voldsom innsatsvilje, og det som truleg må vere den tøffaste lua i Åseral. Lua kjem me nok tilbake til seinare. Elias viste mange prov på eit godt blikk for spelet.
Flere bilder fra treninga her
(Skulle namna ha blitt feil er me takksame for ei tilbakemelding, slik at me kan rette opp feilen snarast )
|
|
|
|
 |
{hva_skjer_otra_b}



|