Me set pris på at ordføraren i bygda har tru på Otra, og at sonen har høge ambisjonar. Men om unge Ropstad lukkast med å føre A-laget oppover i divisjonane, og såleis kan oppfylle forventningane til både faren og seg sjølv, står att å sjå. Først skal det gjerast mykje hardt arbeid gjennom vinteren, og lukka må au stå den kjekke bi når kampane tek til ut på vårparten.
(les vidare under biletet)
Sonen er ikkje redd for å identifisera seg med faren! Til høgre redaktør på fotballsida på otrail.no, Geir Daasvatn. Daasvatn seier til otrail.no at optimismen og pågangsmotet i Ropstad-familien er ei gullkanta sak au sett frå ein journalistisk ståstad. Anten ambisjonane om opprykk vert oppfylte eller går i vasken, har otrail.no sikra seg høgverdig stoff til nye spennande artiklar gjennom heile sesongen 2012. Eit journalistisk "scoop"!
Dei går høgt på banen, og er sterke i trua, dei to lokalpolitikarane i familien Ropstad. Skal Evje og Hornnes være "Hjertet i Agder", slik politikarane i bygda har vedteke, må dei vel det. Lukkast dei, blir dei profetar i eige land. Sist A-laget til Otra fekk oppleve opprykksjubel var i 1989...
Me, og optimistane i familien Ropstad, går ein utruleg spennande fotballsesong i møte!