Hovdenekspressen har eiga heimeside: hovdenekspressen.gratisnettside.no
Torfinn Haugen har teke tak og står som organisator av eit kobbel med ryttera frå Hovden og Bykle som skal sykle Kr.sand-Hovden til våren.
Totalt 40-50 ryttarar. Det er snakk om 3 grupper, ei 8 timer ""expresstoget, ei 10 timer ""godstoget og ei gruppe med målsetting om å lure seg under 6 timer, som dei kaller "lyntoget".
Her er Jon Rolf Næss lagleder og har fått med seg 10-12 langrennsløparar frå skigymnaset på Hovden. Jens Gunnar Haugen skal vere "road-captein" for "Lyntoget" og har sagt seg villig til det, beæret og ydmyk over oppgåva. Utanom skigymnasiastane er det 4 mosjonistar som har teke sjansen på dette tempoet, men vil gjerne ha med fleire sprekingar frå dalen.
Så alle som har ambisjonar eller ein fjern draum om å sjå 5 talet har sjansen i år. Her satsar vi på å køyre som eit lag utan "gratispassasjerar", som kjem til bevissthet på Bjørnarå og sprengjer feltet derifrå og opp.
Håper ALLE som er kandidater til å bidra for å nå målet melder seg til tjeneste for laget. Husk at det er ingen skam "å dette av" om du har bidrege så lenge du kunne. Det kan skje den beste på ein tur av dette slaget.
Er du intressert i å deltake kan du kontakte:
Torfinn Haugen som organiserar det heile. Påmelding, drakter osv. Mob. 90678267
Jon Rolf Næss som lagleiar for "Lyntoget". Spørsmål vedr. gruppa. Mob. 92834567
Jens Gunnar Haugen. "Road Captein". Mob. 97643282