Geir er for tida formann og trenar i fotballgruppa til Otra IL og he i mange år nytta all fritid på fotballen. Etter ei lang og suksessrik fotballkarriere he han vore trenar og inspirator for den komande generasjon av fotballspelarar i regionen. Geir er og mannen som he leia arbeidet med å få på plass ein kunstgrasbane i området. I innstillinga frå Agder Fotballkrets er og hans rolle som oppmann, banemann, nettreportar og den fyrste norske spelaren som prøvespilte for Manchester United, teke med.
Ei eldsjel innan idretten som no vel fortent fær ei påskjøning for innsatsen. Hovudpersonen sjølv trudde han drog til byen for å delta på eit ordinært møte og kom heim med stipend, diplom, blomer og heiderleg omtale frå sjølvaste fotballpresidenten. GRATULERER! (Me tek sikte på å få bilete frå prisutdelinga i løpet av kvelden)
Klippet fra www.moisund.com