Fotball
- Av Nils Dåsvatn -
Om sommaren var me som gutungar flest opptatt av fotball. Men under krigen var det vanskeleg å drive med den sporten. Det var mest ikkje ballar å få tak i. Rett som det var sprakk ballen. Du verden kor me strevde med å sy skinnet eller lappe blæra. Å få tak i ny blære, var mest vonlaust, så det hende me måtte putte andre ting i leret for å spele vidare. Men det blei ikkje skikkeleg fotball av slikt.
Stykket fortset under biletet
Foto utlånt av Alf Georg Kjetså
Etter krigen blei det annsleis. Me fekk gode ballar, og beksaumstøvlane blei bytta ut med fotballsko. Me fekk ingen instruksjon, så det blei stort sett "gampefotball" med dreiv med; lange spark mot mål. Me sparka fotball på skulen, men banen var liten og skjeiv. Når me skulle ha kampar, måtte me til Neregarden på Kjetså. Det blei ein gong iblant arrangert kampar mellom Dåsnes og Kjetså. Det var viktige kampar. Det var rivalisering mellom Ytre-bygda og Øvre-bygda. Det var kampar med diskusjonar, og det blei ikkje spart på kruttet.
Spesielt hugsar eg
ein dramatisk kamp under krigen. I kampens hete sprakk ballen. Då leda Dåsnes og meinte dei hadde vunne kampen. Me ville ikkje godta det, og det blei heftig krangel. Broder Jon treiv då ballfilla og sprang over banen og kasta den i Dåsnesmålet i det han proklamerte: Uavgjort! Me på Kjetsålaget støtta det, men me skildes med Dåsneslaget som bitre fiendar.
Men fotballtrening fekk me, og etter kvart blei det organisert trening. Me blei med i fotballserien, og fekk med tida eit habilt juniorlag saman med Evje. På gymnaset var det kvart år fotballturnering, og det var fullt alvor. Å bli skulemeister i fotball var ei stor ære.
Nils Dåsvatn er son av Tomas "målar" Daasvatn (død 1977) og Berthe Daasvatn (død 1974), og vaks opp på Farmo i Hornnes. Han er far til Øyvind Dåsvatn, som spelte fotball i Otra i fleire sesongar rundt 1977-1981. Nils er og onkel til Geir Daasvatn, som er leiar i fotballgruppa i dag.