Vi er stolte av det idrettslaget har fått til for lokalsamfunnet gjennom dei 50 åra vi har vore til. Nå har Olav Arne på sitt glitrande vis sikra at historia ikkje vert gløymt. Arbeidsinnsatsen han har lagt ned i arbeidet med boka kan ikkje målast i pengar. Olav Arne vil då heller ikkje, på sitt tilbakehaldne vis, ha pengar for oppdraget. Men om vi ein augneblink tenkjer oss at han må ha brukt minst 1000 arbeidstimar på å skrive boka, og at ei grei timeløn for ein slik kapasitet kunne vere 500 eller kanskje 1000 kroner, så skjøner alle kva for eineståande gåve Olav Arne har gitt oss.
Otra IL sin leiar Finn Bjørn Rørvik skriv dette i forordet til jubileumsboka: "Otra IL takkar lektor og historikar Olav Arne Kleveland for det store arbeidet han har gjort med å samle kjeldemateriale, samordne dette og skrive idrettshistoria for bygda vår. Hans store dugnadsinnsats i dette arbeidet og den kvalitet dette arbeidet er utført med, gjer at han føyer seg inn i rekka av dei mange som i 50 år har tent klubben."
Tusen takk, Olav Arne, for det fine samarbeidet om boka og din eineståande innsats for Otra IL!
Biletet syner Olav Arne som signerer jubileumsboka på jubileumsfesten i Otrahallen laurdag 21. august 2010. Ei strålande Astrid Møen er jenta som sikrar seg Olav Arnes signatur i boka.