Sykkelmoroa er eit samarbeid mellom Bygland IL og ”Sykler til Cuba”. Det blir matsalg, og overskotet frå tilskipinga går til å skaffe endå fleire syklar til fattige på Cuba.
Bygland kommune sponsar også i år med eit flott glasfat til raskaste kvinnelege - og raskaste mannlege syklist. Startpengar er minst 100 kroner for vaksne og 50 for barn. Startpengane kan ein mest sjå på som lodd i eit lotteri. For alle deltakarar, uansett alder, har same sjanse til å vinne ein flott racersykkel som blir trukket på startnummer. Intersport på Evje har selt raceren til noko nær innbrotspris.
Tilskipinga startar klokka 11.00 og du kan melde deg på frå klokka 10.00.
Ein vonar at syklistar frå heile dalen tek turen til Bygland på sundag.
Denne sykkelen kan du vinne om du deltek i ”Vakre Bygland” på sundag. Den blir trukket på startnummer, så alle, uansett alder eller tid har same mogelegheit til å bli vinnaren.