O-trimmen i år
inneheld heile 50 postar som ligg ute i terrenget i nærleiken av
Evje sentrum samt Dåsnesmoen. 30 av postane ligg i Evjemoen
skytefelt på karta Evjemoen og Evje sentrum. 10 postar ligg i
Oddeskogen med lett tilgang frå Evje barnehage eller Oddeskogen
bustadfelt. Dei 10 siste postane ligg på kartet Bullsknuten. Den
eine posten ligg nære Masitoppen som er med på skigruppa sin 10 –
toppers konkurranse. O-trimpostane ligg i nærleiken av stiar og
skogsvegar slik at dei skal være lette å finne. O – trimmen skal
være ei rekruttering til orienteringssporten samstundes som folk
skal motiverast til å komme seg ut i flott natur.
Deltakarane må ha
med seg eit kontrollkort ut i skogen og skrive ned bokstavkodane som
står på kvar post (hugs blyant/penn!). Ekstra kontrollkort kan
kjøpast i tillegg til sjølve o – timmposen. Det er nok med 10
postar totalt for å få premie. Postane heng ute frå 1. mai til
25. september og kan takast når det høver seg.
Sundag 31. mai
arrangerer Otra IL – orientering ein «Finn fram» - dag med start
og mål på Evje stadion. Her blir det
lagt opp til nybyrjarkurs i orientering, samt ei fin og morosam
barneløype og det blir premier til alle barn som kjem. Det blir og
opplæring i bruk av kompass!
Orienteringsgruppa i
Otra IL ynskjer at så mange som mogeleg er med på O-trimmen utover
våren og sumaren for å oppleve den flotte naturen Evje og Hornnes
har å by på. Når ein brukar sin eigen kropp på ein sunn og
helsebringande måte blir kjensla ekstra god når ein finn dei ulike
postane. Det er og spanande om ein finn dei ulike postane med bruk av
berre kart og kompass. Heile familien kan gå på postjakt like i
nærleiken av der dei bur og oppleve det naturen har å by i flotte
og kjende områder.
Konvoluttar
med kart og kontrollkort kan ein få tak i på Otrakontoret i
Otrahallen, hjå Sport 1 på Evje eller Intersport Evje.
GOD
TUR!