Olav Arne og Kåre studerer veldig på kor det passar best å sette inn biletet av Jostein Berget, som var så sentral i idrettslaget dei første åra etter stiftinga i 1960
Olav Arne Kleveland sitt manuskript til jubileumsboka utgjer noko over 200 boksider. Meininga var å få inn rundt eitt bilete for kvar andre side, altså kring 100 bilete. Det ville gitt ei bok på ca. 300 sider.
Nå syner det seg at biletstoffet blir langt meir omfattande. Handballen har levert inn meir enn 20 bilete, skigruppa opp mot 50, friidretten ca. 40 og fotballen over 50. I kapittelet om hovedlaget skal det sjølvsagt inn eit omfattande biletmateriale. I tillegg kjem bileta frå orienteringsgruppa, sykkelgruppa, barneidretten, klatregruppa, helsesporten og innebandyen. Talet på bilete frå desse gruppene har me ikkje heilt oversikt over, men det blir ei mengde. Sidetalet i boka vil difor truleg bli nærare 400 enn 300 sider som planlagt. Dette vil sjølvsagt auke kostnadene med å trykke boka noko. Men innhaldet blir på den andre sida endå meir spennande.
Leiar i Otra IL Finn Bjørn og dagleg leiar Tony ser nå ein ende på det omfattande arbeidet med jubileumsboka. Kjenner me gutane rett, er dei alt klare til å gå vidare med neste store prosjekt i idrettslaget...
Det er gjort eit særs omfattande arbeid for å finne fram til alle desse bileta. Forfattaren av boka, Olav Arne Kleveland, har vore i spissen i dette arbeidet óg. Dagleg leiar i idrettslaget, Tony Halsall, har hatt ein stor jobb med å sy saman bidraga frå dei ulike gruppene. Kåre Hodne har gjort mykje godt leitearbeid, mellom anna fleire turar oppover langs den vakre Byglandsfjorden til Setesdølens biletarkiv på Bygland. Og mange personar i kvar undergruppe har gjort eit framifrå arbeid med å leite i skuffer og skap etter bortgjøymde biletskattar.
Denne veka må arbeidet med bileta avsluttast. Knut På Bø på Setesdalstrykk har alt gått i gang med å plassere bileta inn i teksten på rett plass. Om få dagar må arbeidet vere ferdig, slik at Helge Stokkeland kan ta til med sjølve trykkinga av boka før sommarferien.
Går alt etter planen, noko me har god grunn til å tru at det gjer, er boka ferdig trykt og klar for sal til jubileumsfesten 21. august.