Folk frå Valle IL, Bygland IL og Otra IL hadde eit svært triveleg og nyttig fellesmøte i det fine nye klubbhuset på Bygland stadion 26. oktober.
Føremålet var å prøve å lage ein felles aktivitetsplan for idrettslaga i Setesdal. På den måten kan ein enklare få oversikt over kva de ulike laga har å tilby gjennom året, og det blir lettare å unngå uheldige samanstøyt av større arrangement. Ein slik aktivitetsplan er laga i etterkant av møtet, og vil truleg bli eit veldig nyttig hjelpemiddel for å ha eit best mogeleg samarbeid mellom idrettslaga i dalen. Så får vi vone at Bykle IL og Hovden Sporstklubb m.fl. også etter kvart kan kome inn med sine arrangement i den same planen. Han vil fortløpande bli oppdatert.
Det var veldig gøy at me som steller med å organisere idrettstilbodet i dalen kunne treffast slik og bli litt betre kjende. Stemninga var så god, at vi raskt vart einige om at vi måtte ha eit slikt møte minst ein gong i året heretter.
Dei som var med var bak f.v. Tony Halsall (dagleg leiar Otra IL), Jan A. Haagensen (styreleiar Otra IL), Inge Olav Fjalestad (fotballtrenar Bygland IL) og Marie Hornnes (klubbutviklar Otra IL). Framme f.v. Ragnhild Sordal (nestleiar Bygland IL), Anne Liv Lidtveit (leiar Valle IL), Rune Larsson (fotballtrenar Bygland IL), Kristine Kleiveland (leiar Valle IL fotball) og Kim Andre Nomeland Thorstensen (fotballtrenar Bygland IL). Leiar i Otra IL fotball Geir Daasvatn var med på møtet, men av naturlege grunnar ikkje på biletet.