Ingebjørg Børte - en av Otras aller første idrettsutøvere
|
"Frå 1. januar 1960 var ikkje Evje kommune meir - og ikkje Hornnes. Me hadde fått storkommunen Evje og Hornnes. Folk i bygda var opptekne av at storkommunen skulle fungere godt. Gamle skiljeliner som måtte ha vore desse to bygdesamfunna imellom, måtte viskast ut. Honndølar og evdølar skulle nå utgjere eitt lokalsamfunn der alle, uavhengig av på kva side av storåna Otra dei budde, skulle dra lasset mot eit felles mål.
Kroppsøving og idrettsleikar hadde sterke tradisjonar lokalt i Evje og Hornnes. Frå 1930-åra av var idretten solid organisert. I Evje hadde ein hatt ei viss politisk kløyving. Då krigen var slutt, fekk ein reorganisering av idrettsaktiviteten i de to bygdelaga der all partikløyving nå var bannlyst.
Me hoppar så fram til året 1960. Framsynte menn i den lokale idrettsrøyrsla såg at idretten måtte fylgje opp det politikarane hadde lagt grunnlaget for. Me hadde hatt Hornnes idrettslag og me hadde hatt Evje idrettslag. Men det var, og måtte vere, fortid. Ei bygd - ein idrettsungdom!"
|