|



Postadresse:
OTRA IL
Postboks 108
4733 Evje
Besøksadresse:
OTRAHALLEN
4737 Hornnes
Telefon kontor:
379 30 506
E-post:
post@otrail.no
|
 |

| |
Arkiv:
År:
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015
2016
2017
2018
Måned:
01
02
03
04
05
06
07
08
09
10
11
Siste 10 fra FOTBALL
|
28.11.2011
Berit stogga ikkje Hegghaug!
Omtrent heile rullatorgjengen stakk på ynkeleg vis halen mellom beina, og heldt seg innomhus medan "Berit" raste frå seg søndag kveld. Bare tre spelarar møtte fram til trening på EHbanen kl. 1900: Jon Terje Hegghaug, Jan-Sverre Jensen og Helge Stokkeland. - Eg he vore ute ei vinternatt før, og let meg såvisst ikkje stogge av Berit. Anten det er tale om storm eller svigermor!, var Hegghaugs klåre melding då otrail.no traff han mellom stormkasta på kunstgrasbanen.
|
|
|
Hegghaug er ein sentral mann i Otra denne hausten og vinteren, då han er ein av sjefsslankarane for Trollbakken. Det vitnar om ein enorm karakterstyrke at han - midt i ein tung slankeperiode, slapp og vesal etter lite kaloriinntak - likevel har krefter og pågangsmot til å trosse all slags vær og vind for å spele rullatorfotball. Noko altså bare to andre klarte, av ein spelarstall på opp mot 30 mann. Jon Terje er eit prakteksemplar av ein idrettsutøvar!
|
|
|
|
 |
{hva_skjer_otra_b}



|