O-trimmen i år inneheld heile 50 postar som ligg ute i terrenget rundt om i Evje og Hornnes kommune. 18 av postane ligg på veg til 3 av toppane som er med i den populære «10 - toppers» som skigruppa står i spissen for. Dei 3 toppane er Himmelsyna, Myklåsen og Bertesknapen. O-trimpostane ligg i nærleiken av stiane på veg mot desse 3 toppane og er fine å ta med som ei ekstra spenning på turen.
Dei andre 32 postane er lagt med 20 rundt om i Evjemoen skytefelt og 12 i terrenget rundt Slammen i Flatebygd. Deltakarane må ha med seg eit kontrollkort ut i skogen og skrive ned bokstavkodane som står på kvar post. Det er nok med 10 postar totalt for å få premie. Postane heng ute frå 8. mai til 20. september og kan takast når det høver seg.Orienteringsgruppa i Otra IL ynskjer så mange som mogeleg er med på O-trimmen utover våren og sumaren for å oppleve den flotte naturen Evje og Hornnes har å by på. Når ein brukar sin eigen kropp på ein sunn og helsebringande måte blir kjensla av meistring stor når ein finn dei ulike postane.
Det er og spanande om ein finn dei ulike postane med bruk av berre kart og kompass. Heile familien kan gå på postjakt i eigen kommune og bli kjend på nye stader og oppleve blomar og dyr i sitt rette element.Konvoluttar med kart og kontrollkort kan ein få tak i på Otrakontoret i Otrahallen og hjå Sport 1 på Evje.
GOD TUR!