Sjølv om eit slikt "to-lagsopplegg" kan gje mange av ungdomane eit hardt kamp- og treningsprogram, vil det óg gjere dei bedre budde for spel på A-laget.
Det er også viktig å ha eit godt sportsleg tilbod til dei av ungdomane som vil satse litt på fotball. Å trene eit par gonger i veka og spele ein kamp med A-laget er ikkje ei stor nok treningsmengde for ein litt ambisiøs unggut. Med mogelegheit for kamp og trening med både juniorlag og A-lag kan ein enkelt auke treningsmengda til 4-5 gonger i veka for dei mest ivrige.
Så må sjølvsagt fotballstyret, og trenarane på dei to laga, jobbe tett saman for å få til ei god praktisk gjennomføring. Det kan bli aktuelt at laga trener samstundes og nokre gonger saman. Men aller viktigast er det at terminlista blir satt opp så kampane til juniorlaget og A-laget ikkje kolliderer.
Fotballstyret vil jobbe vidare utover hausten for å avklare om det er nok spelarar og interesse for å ha eit juniorlag i seriespelet i 2013. Det vil kome ei avklaring på dette seinast før jul.
Otra sitt juniorlag i 2008. Dette var siste gongen Otra stilte med juniorlag i seriespelet.