Ein djupt såra og vonbroten Jan-Sverre Jensen, den trufaste og klartsjåande liberoen på veteranlaget, melder til Otrail.no at det er fullt brot i forhandlingane om kontraktsforlenging.
" - Eg er ein rutinert fotballspelar med mange års erfaring frå fotball på høgt nivå i Telemark, Finnmark og på Sørlandet. Eg spelar ikkje for knappar og glansbilete lenger", seier han til Otrail.no. Han troppa endåtil opp i redaksjonen for å syne fram det skammelege siste tilbodet frå manager Tveit.
Etter det me erfarer, er frontane mellom forhandlingsmotparten Tveit og spelarane i rullatorgjengen minst like steile som mellom Trine Skei Grande og Siv Jensen i forhandlingane om grønt skifte i statsbudsjettet.
Me vil følge utviklinga tett i dagane framover. Om partane ikkje blir samde innan det er juleferie, står rullatorlaget i fare for å bli lagt ned frå 2017.