Landslagstrenar Roy Johansen på ishockeylandslaget meiner foreldretrenarar må vekk frå idretten. Etter hans meining er dei "ei katastrofe" for den sportslege utviklinga til barna.
Me i fotballen i Otra er ikkje på nokon måte einige i dette.
For det første er ikkje det einaste målet med barneidretten å få fram gode utøvarar. Faktisk er dette heller ikkje hovudmålet. Fotballgruppa sitt hovudmål er å gje eit godt sportsleg og sosialt aktivitetstilbod til ALLE som har lyst til å spele fotball. Det heng nøye saman med at Otra IL er ein breiddeklubb, med ei klar og tydeleg målsetjing om å famne om flest mogeleg born og unge i bygda. Dei siste åra har Otra brukt eit enkelt slagord for å illustrere dette - "Bevegelse og begeistring". ALLE born, anten dei er ein komande stjernespelar i toppserien i handball eller ein framtidig fotballmosjonist utan ambisjonar om toppidrett, har det same potensialet for å oppleve begeistring gjennom god fysisk aktivitet. Me er heilt overtydde om at flinke foreldretrenarar godt kan gi barna i heimbygda vår eit slikt godt sportsleg og sosialt fritidstilbod. Ein treng ikkje vere profesjonell fotballtrenar for å kunne lage ei gøy og sportsleg givande fotballtrening.
For det andre kan foreldretrenarar gjennom kurs, læring av trenarkollegaer, instruksjonsbøker og på ulike nettstader enkelt tileigne seg ein del grunnleggjande kunnskap om fotballtrening for barn, og på den måten bli i stand til å gjennomføre gode treningar for barna.
Og for det tredje finst det rundt omkring i Norges land - og ihvertfall i Otra - uendeleg mange foreldre som har vore med på ulike idrettar opp gjennom livet, og på den måten lært mykje om korleis ein kan være ein brukbar trenar. Med 10, 20 eller 30 år med erfaring som spelar sjølv startar ein sjølvsagt ikkje på bar bakke som fotballtrenar for barna, slik landslagssjefen i ishockey ser ut til å gå ut frå.
På alle barnelaga våre i 2012 har det vore svært samvittighetsfulle og flinke (foreldre)trenarar. Dei har gjort ein stor friviljug innsats for at barna våre skal ha det gøy på fotballtrening. Me kan og sjå på alle laga at det skjer ein sportsleg framgang. Så det er ikkje bare gøy på trening - gutane og jentene lærer noko óg!
Styret i fotballgruppa er svært takksame for den store innsatsen trenarane har gjort i 2012. Me vil nok ein gong takke kvar einskild for at han stiller opp for barna. Det er eit umåteleg viktig arbeid som her blir utført. I første rekkje for kvart enkelt barn som får eit godt idretts- og fritidstilbod. Men i ein større samanheng gir arbeidet óg eit viktig bidrag til at den kjære heimbygda vår er ein god plass å bu.
Trenarane på barnelaga i 2012 har vært Frode Hamre, Jan Olav Hodne, Pål Danielsen, Tore Tveit, Egil Bjorå, Scott Kjetså, Sveinung Tveit, John Ommund Syvertsen, Simon Simonsen, Vidar Klungeland, Geir Daasvatn, Tim Davis og Sunny Htoo.
Takk for innsatsen i 2012, alle saman!