A-laget 1989
Det er A-lagets siste opprykk. Eit opprykk frå sjette divisjon til femte er ikkje allverdens, men det ga oss noko. Har du havna i ei sjettedivisjonsavdeling, så er det å vinne denne avdelinga det beste du kan få til, i ein og same sesong.
For oss som var med, så var det stort. Sesongen fortonte seg som ein parademarsj, frå seier til seier. Målaksjane hadde solgt som varmt kveitebrød, og ved sesongslutt hadde me putta over 80 mål. Ein av dei som hadde investert i flest målaksjar var postfunksjonær Knut Aasland (dette var i den tida då det var postkontor både på Evje og på Hornnes), og ein kan jo vere frista til å sei at han vart sitjande med skjegget i postkassa, men det er ikkje riktig. Han betalte hundrelappane med glede.
Det har blitt sagt at eg var eminent spiss på dette laget. Det er jo smigrande, men eg må justere biletet litt. Det er rett at me hadde ein eminent spiss, ein spiss som skorte om lag 45% av måla våre. Det var Geir Dåsvatn. Talas tale er jo imponerande, men gir ikkje eit rettferdig bilete av situasjonen. Til den som ikkje har fått med seg den høgst originale og eksplosive magien, som Geir kunne oppvise, til den er det bare å sei: synd for deg.
Men einsleg svale gjør ingen sommar. Laget var faktisk hardtarbeidande, oppofrande og veldisiplinert. Ein viss plan over det heile hadde me òg. I tillegg hadde me den fandenivoldske innstillinga som er påkrevd når det tar til å blåse litt.
Sommarhiten dette året var: bom-bom-bom-bom-bom-ba-dilla-leif-a-a-aa-ooh, eit mektig kapittel i norsk pophistorie. På veg mot Evje, etter nok ein borteseier, i eigen buss, ofte med Tore Tveit som sjåfør, så stemte me i på refrenget. Me var ikkje eit hallelujakor, på ingen måte, men det var vakkert likevel.
Midt i denne skrålinga, over myr og hei, så steig det fram noko sterkt. Eg snakker om forbrødringa, folkens. Det var forbrødringa som tok tak i oss, der og då. Som i ein stråleglans kom ho over oss, i Froland, eller medan me feia forbi Iveland. Det ljoma i bussen, me ropte på denne Leifen som aldri dukka opp, men forbrødringa kom, og takk for det. Det må vere noko slikt som gjør lagarbeid til det det er...
Beste helsing Stein K. Nilsen,
spiss på 1989-laget og for tida i Frankrike