Til minne om
Sigbjørn
For nokre dagar sidan kom den triste meldinga om at Sigbjørn Kjetså var død. Han døydde
brått 27. oktober, 86 år gamal. Med Sigbjørn er ein av dei største
personlegdomane i Hornnes borte, og me i Otra IL har mista ein av våre alle beste
og mest trufaste støttespelarar. Sigbjørn var æresmedlem i idrettslaget.
Sigbjørn Kjetså var fødd 8. februar 1931. Dei første barneåra
budde han på Fjellestad i Hornnes. Men i 1936 flytta familien til det lille
småbruket Neset Nedre, rett attmed Hornnes jernbanestasjon. Her vaks Sigbjørn
opp. Broren, Arnar, overtok eigedomen i 1952, og utnytta den vesle jordflekken
på ca. 7 daa svært intensivt. Her starta jordbærproduksjonen som Brødrene
Kjetså - Jordbærkongane - seinare vart så kjende for. Sigbjørn arbeidde først
på saga til Grunde Hornnes. Men i 1962 sa han opp der og gjekk saman med Arnar
om å produsere jordbær. På det meste hadde dei heile 230 mål jord lagt ut til
jordbærproduksjon. Om lag 200 jordbærplukkarar kunne ha sommarjobben sin hos
Brødrene Kjetså. Men jordbærproduksjonen er eit eventyr som me ikkje skal
gå nærare inn på her.
Sigbjørn blei tidleg med i idrettsarbeidet i Hornnes. Me
veit at han dreiv med noko idrett sjølv, mellom anna skeising og hopp. Han var
óg ein ivrig skyttar. Skyttarkarriera starta tidleg på 1950-talet. Og han var
ein aktiv skyttar nesten livet ut. Han deltok på Landsskyttarstemna på Evje i
2009, i klasse over 73 år.
Sigbjørn var formann i Hornnes Idrettslag på slutten av
1950-talet, då tanken om å slå saman idrettslaga i Hornnes og på Evje vaks fram
samstundes som dei to bygdene våre vart foreina til ein kommune - Evje og
Hornnes kommune. Som leiar i det eine av dei to laga spelte han såleis ei sentral
rolle i skipinga av Otra IL. Han vart óg lagets første nestformann.
Etter nokre år i styret for det nystarta laget på 1960-talet,
gjekk Sigbjørn laus på den oppgåva han kanskje er mest kjend og akta for i
bygda i dag: Den store, ja nærast ufattelege, innsatsen han gjorde for å få
bygd opp gode idrettsanlegg i bygda.
Det heile byrja i 1976. Gode krefter i bygda hadde sett at
den gamle grusbanen og friidrettsbanen ved Hornnes gymnas burde moderniserast.
Både gymnasungdomen og bygdeungdomen fortente det. Dei fekk dåverande rektor
ved gymnaset, Alf Gudbrandsen, med på laget. Bygdefolket stilte opp og gjorde
ein eineståande dugnadsinnsats. Heilt sentral i dette arbeidet var Sigbjørn
Kjetså. Han var den som gjennom eit uttal dugnadstimar, praktisk talent og som førebilete
viste veg i det praktiske arbeidet. Han brukte eigne maskiner og eigen innsats,
seint og tidleg, i dette arbeidet. Det ser me godt på biletet under, teken av Setesdølen, og som er frå oppstarten av
dugnadsarbeidet hausten 1976. Me kjenner godt att den grøne lastebilen til
Brødrene Kjetså til venstre på biletet. Det er nok ikkje eit dårleg tips at traktoren
til høgre også tilhøyrer Sigbjørn. I 1978 stod «nye» Hornnes stadion ferdig,
med ny grasbane for fotball, 400 m løpebane med moderne rødstubb, kastsektor og
hoppegrop.
I 1976 byrja Odd Harald Robstad, saman med fleire andre i
Otra IL, å sysle med tankar om ein idrettshall i bygda. Etter fleire rundar med
Evje og Hornnes kommune, der det synte seg at kommunen ikkje såg seg råd til ei
slik storsatsing, stilte Otra IL seg i spissen for arbeidet med å få reist
hallen. Aksjeselskapet Otrahallen AS vart stifta i 1982. Sigbjørn blei nestleiar i det første styret. Mykje av arbeidet med å reise hallen skjedde på
dugnad. Framst i dette enorme dugnadsarbeidet stod Sigbjørn. Igjen stilte han
både seg sjølv og maskinene og utstyret til Brødrene Kjetså til disposisjon for
fellesskapet. Han hadde både maskiner og utstyr i sving på byggeplassen ved Hornnes
gymnas i fleire månader. Otrahallen stod ferdig sommaren 1985.
I 1989 blei Otrahallen utvida med tilbygget på baksida, med
lagerrom og styrkerom i 1. etasje og det me i dag ofte omtaler som «Miljørommet»
i 2. etasje. Anleggsbyggjaren Sigbjørn gjorde den største dugnadsinnsatsen for
å få dette tilbygget på plass.
På byrjinga av 2000-talet såg folk i Otra IL kor viktig det
var å utvikle treningstilbodet i Otrahallen vidare, slik at idrettslaget kunne imøtekome
dei nye behova som heile tida utviklar seg i bygda og samfunnet som heilskap.
Tanken var at ein måtte leggje til rette for at dei som ikkje søkte seg til
organisert trening, også kunne kome til Otrahallen og finne sitt individuelle treningsopplegg der. I 2006 stod «Otrahallen Helse- og
treningssenter», det store tilbygget mot aust, ferdig. Sigbjørn Kjetså gjorde ein stor
dugnadsinnsats for å få realisert også den utbyggjinga.
På denne måten har Sigbjørn, saman med Odd Harald Robstad,
vore den drivande krafta bak dei flotte idrettsanlegga som i dag ligg ved
Hornnes gymnas, eller Setesdal vidaregåande skule avdeling Hornnes som skulen
nå heiter. Nå er også friidrettsanlegget han var så sentral i å bygge modernisert
på nytt, i regi av Evje og Hornnes kommune. Ja, i dag er Hornnes stadion eitt av dei flottaste og mest funksjonelle friidrettsanlegga i heile landet. Me er visse på at det må ha gleda Sigbjørn stort.
Mange ville nok tru at den enorme dugnadsinnsatsen som bare
er kort omtalt ovanfor, måtte vere det ein mann kunne klare ved sida av det
særs arbeidskrevjande yrket som «Jordbærkonge». Men slik er det ikkje. Ved sida
av yrket sitt, og det store engasjementet innan idrettslaga i bygda, har
Sigbjørn teke på seg store oppgåver innan skyttarsporten. Han blei formann i
Hornnes skyttarlag i 1960, samstundes som han «gjekk av» som formann i Hornnes idrettslag
då dette blei ein del av det nye laget Otra IL. Etter attval på attval blei han sitjande som leiar i skyttarlaget samanhangande i heile
30 år. I 1990 var denne epoken over, då Sigbjørn sjølv bad seg fri frå vervet.
I denne 30-årsperioden var Sigbjørn også i fleire år styremedlem i Agder
skyttarsamlag.
Som leiar i Hornnes skyttarlag var Sigbjørn i ei årrekke
primus motor for dei to store årlege skyttarstemna Myrkongestemnet (feltskyting)
og Sørlandsstemnet (baneskyting). Vidare var han ei drivande kraft i
gjennomføringa av heile tre landsskyttarstemne, gjennomført med ulike
samarbeidspartnerar og med ti års mellomrom (1989, 1999, 2009). Han var hovedmannen
bak Skyttarhuset på Evjemoen, som vart bygd til Landsskyttarstemna på Evje i
1999. Han hadde til det siste ei stor interesse for skyttarsaka, og hadde verv i
skyttarlaget også etter samanslutning med Evje skyttarlag til Evje og Hornnes
skyttarlag.
Sigbjørn er tildelt Det frivillige skyttervesen sitt heiderstegn
for fortenestefullt arbeid innan skyttarsporten.
Sigbjørn var aleine mesteparten av livet og hadde ikkje
eigne born. Men i godt vaksen alder, må det vere lov å seie, blei Trine Uleberg
sambuaren og kjærasten hans for resten av livet. Eg kjenner ikkje mykje til den
sida ved livet hans, anna enn at eg veit samlivet med Trine var til stor rikdom
for han.
Det er mange som engasjerer seg i frivillig arbeid, men
ofte med sterkt avgrensa oppgåver og i ein kortare tidsperiode. Det er
naturleg, for familie og arbeid krev for mange det meste av tida. Sigbjørn
engasjerte seg gjennom opp mot 60 år i oppgåver som var omfattande og som har
krevde særs mykje tid og krefter. Idrettsanlegga og skyttaranlegga som ligg på
Hornnes og på Evjemoen i dag, vitnar om ein årtider lang og eineståande trufast
innsats for idretten, skyttarsporten og bygda vår.
Me har så mykje å takke den beskjedne, men bestemte og utruleg
arbeidsomme og talentfulle Sigbjørn Kjetså for. Han blei tildelt Kongens fortenestemedalje
for den samfunnsnyttige innsatsen sin under jubileumsfesten til Otra IL i 2010. Det var
ei ærleg fortent heidersutmerking som alle me i Otra IL, og i heile bygda,
helsa med stor glede. Nå har Sigbjørn avslutta si store livsgjerning. Han blei
gravlagd frå Hornnes kyrkje, bare nokre steinkast frå heimen sin, fredag 3.
november. Me takkar han for alt han har gjort og betydd for oss, og lyser fred
over minnet hans.
Geir Daasvatn, på vegne av Otra IL