Rullatorspelar Ricky Smeland fekk passet sitt påskrive av manager Tore Tveit for eit par veker sida.
- Gamal og treig, var dommen.
Dette gjekk hardt inn på Smeland, og alle rundt veteranlaget har sett i det siste at han ikkje har vore seg sjølv på treningane.
Men no ser saka ut til å ha teke ei dramatisk vending. Rett før overgangsvindauget stengte, vart Ricky observert utanføre RBK-brakka i Trondheim. Har han sett seg lei på den stadige nedrakkinga av kvalitetane sine som fotballspelar? Vil han beintfram finne seg ein annan klubb??
Me veit lite om saka foreløpig, utanom biletet som ein velkjend paparazzi i fotballmiljøet har sendt oss mot eit høveleg honorar. Me vil følge opp saka nøye i dei neste timane og dagane, for om mogeleg å avdekke det som kan vere ein sensasjon i fotballverda.
Me kjem tilbake med meir.