Postadresse:
OTRA IL
Postboks 108
4733 Evje
Besøksadresse:
OTRAHALLEN
4737 Hornnes
Telefon kontor:
379 30 506
E-post:
post@otrail.no
|
|
|
Arkiv:
År:
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015
2016
2017
2018
Måned:
01
02
03
04
05
06
07
08
09
10
11
Siste 10 fra OTRA
|
11.08.2014
”VAKRE BYGLAND” PÅ SUNDAG
Sykkelrittet alle kan klare:
Du kan sykle i hop med barn eller barnebarn, du kan take det som ein tur utan å tenke på tida, du kan prøve å banke ein ven, ein kollega eller ein nabo, eller du kan halse avgarde for å bli raskaste mann eller kvende og få med deg heim eit flott glasfat med helsing Bygland kommune.
Og uansett kor seint eller fort du måtte sykle, har du same sjanse til å reise heim att med ein flott premie. Ein spill ny racersykkel frå Intersport Evje og seks gåvekort på 500 kroner frå Bygland IL, blir trukne på startnummer. Og sjå om ikkje hovudsponsor Systemkjøkken også stiller med litt kjøkkenutstyr som premiar.
Det er to løyper du kan sykle, ein veldig kort på 2,5 km for dei aller yngste, dei aller eldste og dei som ser på det som eit lotteri der det krevst ein liten fysisk anstrenging for å take del.
Den lengste løypa, som også er kort, 38 km, går frå Glashytta - Åraksbø - Ose bru og attende til Glashytta gjennom Frøysnes og Skomedal.
Føremålet med tilskipinga er å ha det moro på sykkel både i Setesdal og på Cuba. Overskotet går til ”Sykler til Cuba”. Difor er det inga øvre grense for startpengar, men barn må betale minst 50 kroner og vaksne minst 100 kroner. Det blir sal av mat og drikke. Har du sykkel eller sykkelutstyr du vil glede ein cubanar med, tak det med til Glashytta på Bygland sundag 17.august. Påmelding og start for dei som ynskjer det, frå kl 10.00. Røkla startar kl. 11.00
Og til de som skal på reinsdyrjakt, - ho startar ikkje før på onsdag, så i år rekk de både å sykle og jakte.
|
|
I fjor trong ein paraply under "vakre Bygland" men i år er værmeldinga god.
|
|
|
|
|
{hva_skjer_otra_b}
|