Til Cuba:
BRUKT, - JA TAKK.
”Sykler til Cuba” med base på Bygland, har dei siste 14 åra
sendt 7500 syklar til Cuba.
Sidan 2002 har vi også prøvd å hjelpe med utstyr til
sykkelsport. Problemet er sjølvsagt at alt utstyr til sykkelsport er veldig
dyrt her heime. På Cuba finst det berre å få kjøpt på svartebørs.
(det finst ikkje ein einaste butikk på Cuba som sel
skikkelege syklar).
Dersom ein cubanar er så heldig å finne fks. eit nytt
racerdekk på svartebørsen i Havana, kostar det meir enn dei fleste tener i
månaden…
Difor ber me alle norske syklistar om å gje oss brukt
utstyr, både til racer og off-road. Me treng alt: Syklar, hjul, dekk, slangar,
pedalar, hjelmar, seter, sko og sykkeldraktar. Altså, alt ein treng til
sykkelsport!
Mange bytta til nye dekk før CLST, - ikkje kast dei gamle, send dei til Cuba og
hjelp ein cubansk syklist.
Eg parkerer min vakre, kvite Transporter ved starten på
”Byglandsfjorden rundt” til sundag, (1.juni)så kan de levere alt de kan vere av
med der.
PS! Om de tenker at noko er for dårleg til å gje bort, kom
med det likevel, så sorterer eg.
Jordalsbø 26.mai.
Jan Olsen. (som skal sykle Byglandsfjorden rundt på
sundag.)