Jan-Sverre Jensen har vore djupt såra og vonbroten, etter at manager Tore Tveit nærast parkerte han på innbytarbenken for godt tidlegare i vinter. Det var ikkje ein slik ærelaus sorti Jensen såg føre seg å avslutte fotballkarriera med.
Jensen har difor lagt seg i hardtrening framføre utandørssesongen. For å unngå forstyrrande element i treningskvardagen under treningsleiren, har han dratt heilt til Sør-Varanger oppe ved russergrensa for å finne formen.
Me unner Jensen nokre treninger i god form når utandørssesongen starter, og oppreising for managerens nærast hånefulle handsaming av han. Me sender dei beste lukkeønskingane nordover til Jensen, og ynskje han velkomen tilbake i ein fryktinngytande form ut på vårparten.
Foto: Privat/hemmeleg kjelde