Kommentar
til Pål André Ropstad sitt innlegg i Setesdølen
Setesdølen sin
nye fotballkommentator Pål André Ropstad hadde eit lengre innlegg under vignetten
”Otrafotball” i Setesdølen tysdag 31. januar. Eg set umåteleg stor pris på Pål
André sitt sterke engasjement for fotballen i Otra, og særleg den framifrå
jobben han har gjort som trenar for seniorlaget dei siste åra. Det er særs nyttig
og viktig at Pål og andre som er engasjerte i fotballen i bygda kjem på banen
med synspunkt på korleis me kan bli betre. Det er når meiningane brytast, og
argumenta slipast mot kvarandre, at sjansen for å finne dei beste løysingane er
størst.
Manglar
rekruttering til seniorlaget?
Me vil diskutere Pål sitt innspel nærare i styret i fotballgruppa på første
styremøte, og vurdere om forslaget hans om samarbeid over klubbgrensene i Nedre
Setesdal for å få til fleire 11-ar lag i gute- og jenteklassane er noko me bør
jobbe vidare med. Men ein ting ynskjer eg å kommentere alt no. Pål hevdar at
det ”Manglar rekruttering til seniorlaget”. Dette er ei mykje misvisande
framstilling av stoda rundt A-laget for tida, og kan spreie unødig mismot i
fotballmiljøet i Otra. Eit mismot det etter mitt syn ikkje på nokon måte er grunnlag
for. Påstanden bør difor ikkje stå uimotsagt.
Enorm
oppslutnad om A-laget
I 2003 og 2006 klarte ikkje Otra å stille seniorlag i serien. I 2007 var det eit lag med i seriespelet. Men
på treningane den hausten var det sjeldan meir enn 6-8 spelarar til stades.
Dette tykte me som kom inn i styret i fotballgruppa frå 2008 var leit, og slik ynskte me ikkje
å ha det vidare. Otra skal ha eit skikkeleg A-lag i fotball! Eit lag som både
unggutar og voksne mannfolk ynskjer å spele på. Me sette i verk ulike tiltak
for å auke interessa for å vere med på laget. Det arbeidet meiner eg kan seiast
å ha gitt gode resultat så langt. I 2011 var rundt 35 spelarar med på kampar
med laget, og på trening var det på det meste 38 personar til stades. Det jamne
oppmøtet på trening låg mykje rundt 25 spelarar. Altså om lag ei tredobling av
antall spelarar på trening sett i høve til hausten 2007. I 2012 har denne
enorme tilstrøyminga ført til at trenarane på A-laget for første gong på mange år har sett seg nøydde til å ”stenge
dørene” for spelarar, og vise dei til andre lag eller treningstilbod.
Framtida
ser lys ut!
Pål har heilt rett i at det er ei utfordring for oss å få nok ungdomar med i
fotballen så me kan stille 11-ar lag i aldersbestemte klassar. Men det manglar altså ikkje rekruttering til A-laget, slik han hevdar. Det er
snarare tvert om, slik biletet under frå spillermøte i Otrahallen 5. november 2011 syner. Alle i fotballmiljøet, og alle som fylgjer Otra sitt A-lag frå
utsida med stor interesse, kan vere heilt trygge på at me skal ha eit solid
A-lag i 2012. I åra som kjem deretter er målet at det skal bli endå meir solid.
Me skal trene meir og jobbe hardare. På eit eller anna tidspunkt blir me då gode nok til å ta steget opp ein divisjon eller to.
Det kan ta eitt år, eller kanskje fem. Men den store dagen kjem, det er eg heilt viss på. Aller helst med Pål som trenar og masse lokale ungdomar på laget!
Geir
Daasvatn, leiar i fotballgruppa