Men mest kjend i vaksen alder er han nok for sin eineståande innsats for å byggje opp og drive bygdebladet Moisund.com saman med kompanjongen Øystein Moi. Bygdebladet er både på nett og kjem ut med eiga papirutgåve.
Odd Helge var dessutan ein av stiftarane av revygruppa MORUS, og spelte ei rekkje figurar i dei 20 åra Morus heldt på. Nedanfor kan du sjå ein lysbileteserie med Odd Helge som ein aldeles ellevill "Gunleiv frå Moi". Morus fekk Evje og Hornnes kommune sin Kulturpris då dei la inn årene i februar 2011.
Odd Helge sin store innsats for lokalsamfunnet og heimkommunen strekkjer seg endå lenger: Han er inne i sin andre periode i kommunestyret, der han representerer Bygdelista.
I det sivile jobbar Odd Helge i Åseral kommune.
Me som har vore Odd Helge sine vener i Otra frå barndom til vaksen alder gratulerer så mykje med 50-årsdagen mandag 19. desember, og ynskjer deg lukke til vidare på livsvegen.