Tekst/foto: Torgny Byklum
16. mai drog eg til Valle for å sjå lokaloppgjeret mellom Valle og Otra. Det var god stemning og til tider mykje god fotball.
Mohamed Ahmed, nr 23 på Otra, må seiast å ha vore den beste spelaren i denne kampen. Han sto verkeleg fram frå sin høgre back posisjon. Han var som ein klegg og vann mang ein duell.
0-1 målet kom etter frispark i det 7ande minutt, og Andreas Gjelsvik hamra kula i mål via Valle-keeperen. Siste skansen i Valle gjorde faktisk en dugande kamp.
Saka fortset under biletet
Andreas smell inn 1-0 direkte på frispark.
Kampen gjekk noko fram og tilbake, men Valle skapa ikkje så mykje frametter. Så ein må vel seie, utan å være for patriotisk, at Otra sine unge spelarar styrte det mest av kampen. Og dei burde vel scora eit mål eller to til i fyrste omgang. Det blei noko mykje spel inn mot midten, og der var Valle vanskelege å passere. Så til neste kamp bør nok Otra prøve å vende spelet meir ut på kantane. For raske kantspelarar, det har laget.
Og så får spissane og midten "lukte" seg fram til dei åpningane kantane skapar. For det kan ein einast om - når kantane kom fram, så vart det store opningar. Desse opningane må nyttast!
I andre halvleik styra Otra spelet, og Valle kom vel eigentleg berre til ein, kanskje to sjansar. Mål nr 2 til Otra var som teken ut av Fotballens ABC. Ballvinning på midten, opp med auga, overblikk, raskt og presis legg, og full fart. Og laget framover samla. Valle vart fullstendig overkjøyrde, og ei knallhard pasning tversover og då var det berre for spissen Notto Åsland å kontrollere ballen i mål . Bak ein meget god Valle-keeper og overraska Valle-spelarar. Til mykje jubel frå "ekspertane" på sidelinja.
Om Otra sine vonande spelare spelar slik dei klara i andre halvleik, då vil det verta mykje morosam fotball frametter
Hei OTRA!
Den lille, men veldig flotte heiagjengen som hadde tatt turen heilt frå Evje til Valle for å sjå lokaloppgjer i 6. divisjon!