Pensjonist-tur til Valle
Plutseleg var dagen der, 14.mai 2014.
Jon Omland fylte 82
år, og eg fylte 20 år mindre. Dermed blei eg, i alle fall pr. definisjon,
pensjonist. Så no skal eg snart inn hjå NAV (Når Alt Vaskeleggjerast), og høyre
kva dei har til pensjonist Olsen. Som vanleg blir det vel ein masse papir og
paragrafer og null kroner.
Ein slik merkedag må jo feirast, så på veg til Kristiansand
for å hente eit lass Cuba-syklar, var eg innom YX og hadde dagens festmiddag, -
pylse, Cola og ein Gullpinne til dessert.
Då eg kom heim att, fann eg ut at feiringa måtte fortsette.
Så eg pakka pumpe, slange, hansker, regnbukse, to skiver med syltetøy, bananar,
nøttemix, blåbærsaft og energidrikk. Eg var klar for min fyrste pensjonist-tur.
Klokka 17.30 presis forlot eg Jordalsbø. Eg sykla opp forbi
Åraksbø og på Ose svinga eg oppover dalen. På slettene ovenfor Moy, fann eg ut
at Setesdal er vakker om våren, sjølv med litt motvind. Eg tenkte der eg satt,
at denne dalen egner seg ikkje for hiking, for det kom jo ikkje ein einaste
bil.
Hjullastarar skulle det ha vore fleire av på vegen. For ein
fantastisk vindskjerm som køyrde forbi meg på Helle. Eg la meg like bak og
følte meg hensatt til meir eksotiske stader med varmen frå den store
Volvo-motoren blåsande rundt meg. Og me lå galant i 45km/t. Dessverre skulle
den berre til industriområdet på Rysstad, så fartstreninga blei kortvarig
Like bortenfor skulen på Nomeland står skiltet som seier,
Hovden 69. Eg tenkte med meg sjølv, skal lure på kor mange eg syklar i hop med
her om ti dagar.
På Sandnes trefte eg ein uniformert politibil. Eg helsa, for
eg tenkte kan hende var det ein kjend syklist som var ute og samla seg
avspassering. Men nei, ingen helsa attende.
Valle var planlagt endepunkt. Vatn ut, mat inn, og eg fann
ut at to minutt er veeeldig kort tid dersom du skal få rista han skikkeleg.
Fort hadde det ikkje gått, 26,5 i snitt.
Uansett om det ikkje var nokon spesiell vindretning, så
vikar det alltid lettare å sykle ned dalen enn opp. På min ensomme ferd, mest
utan bilar, koste eg meg med alle våren sine lydar og luktar.
Det er ikkje berre politiet som ikkje helsar. Litt før
Besteland blei eg forbikøyrd av ein kjend falma, raud liten lastebil med skap.
Sjå om ikkje gravferdsagenten, ex-syklisten som har slege seg ned i øydemarka,
Tor Ole Gautestad, kom ned dalen han også. Fartstrening, tenkte eg med eit
smil, og mintest då eg for nokre år sidan låg bak han i 70km/t på veg til ein
kyrkjegards-dugnad i Åraksbø. Men nei, ikkje eit blink i bremseljoset og ikkje
eit klemt i tuta. Øydemarka øydelegg sosiale menneske.
Av og til veit ein at ein har gunstig vind, sjølv om ein
ikkje føler det. Midt på Moysletta synte plutseleg computaren 40km/t. Eg tråkka
på som ein galning. Sjølv om det neppe var så kraftøkonomisk, så kjenner ein seg liksom som ein mykje sterkare syklist.