Lisbeth var fødd i 1963 på Evje. Foreldra var Greta og Odd Ravneberget. Ho hadde tre eldre syskjen; John-Ole, Odd-Gullik og Tulla. Odd vart den aller fyrste formannen i Otra IL, då klubben blei stifta i 1960.
Lisbeth vart tidleg ei svært allsidig idrettsjente. Ho var aktiv i fleire av gruppene i Otra, men kanskje fyrst og framst i handballen og fotballen. Sjølv vart eg kjent med henne då eg flytta til bygda i 1975. Me var begge svært opptekne av å spele fotball, og blei aldri trøytte av å trene. Eg var mykje på den gamle grusbanen på Evje i dei tidene for å øve opp skotfoten. Lisbeth kom då ikkje så sjeldan bortom for å vere med. Det var fine stunder som eg minnes med stor glede. I ungdomen tenkjer ein ikkje i så høgtidelege vendingar. Me spelte fotball saman og hadde det gøy. Seinare i livet, når eg har grunna litt meir på desse stundene og måten Lisbeth var på i all si ferd, har eg skjønt at ho var eit eineståande positivt og fint menneskje. Men slik tenkjer sjølvsagt ikkje ein tenåring som bare er ute etter å sette flest mogeleg av skota i vinkelen.
Lisbeth blei sist på 1970-talet ein entusiastisk pådrivar for å få til eit damelag i fotball i Otra, og ho var den dominerande spelaren på dette laget i fleire år. På byrjinga av 1980-talet flytta ho frå bygda for å utvikle seg vidare som fotballspelar. Det klarte ho til gagns, for ho vart ein av dei beste og mest trufaste fotballspelarane i norsk kvinnefotball. Høgdepunktet kom nok i 1992, då Lisbeth var med på laget til Setskog/Høland som vann cupfinalen - Norgesmesterskapet - det året.
Lisbeth var etter det eg har skjønt aktiv fotballspelar heilt fram til 2009 i Mysen IF Fotball.
Lisbeth blei begravd frå Mysen kyrkje fredag 12. november 2010. Tankane våre går til mannen Runar og den næraste familien til Lisbeth.
Me vil gjerne heidre Lisbeth med å gje att det fine stykket Olav Arne KLeveland har skrive om henne i Otra IL si jubileumsbok. Det stykket kan du lese her.
Me lyser fred over Lisbeth sitt gode minne.
På vegne av idrettsvener i Otra
Geir Daasvatn