Kl 2100 startar den faste treninga, og den tida er HELLIG! Sjølv ikkje eit årsmøte kan endre noko på den saka.
Den godaste Tony kom trass i den knappe tida halsallande minst tre minutt for seint til møtet. I tillegg måtte han inn på kontoret for å kopiere opp årsreknskapen. Det tok nok óg eit par minutt. Då var det ca. 9 - NI - minutt effektiv møtetid att til å få gjennomført eit lovleg årsmøte med godkjenning av årsmelding, fastsetjing av kontingent, budsjett, godkjenning av reknskapen og val på nytt styre.
Men det gjekk akkurat! Kl. 2100 presis var gutane klare til trening inne i hallen. Med alle papir og vedtak i den skjønaste orden
Dette må vere noko nær Norgesrekord i effektiv årsmøteavvikling! Leiar John Hornnes (under) har god grunn til å smile lurt i skjegget over denne prestasjonen. Me gratulerer og ynskjer innebandyen lukke til med eit nytt strålande år!