Det er mange tidlegare storspelarar i rullatorgjengen, og stor prestisje knytta til å vinne kampane på treningane. Spelarar som Svein Birkeland med fleire vil gjerne kunne gå heim til kona etter treninga med hovudet høgt heva. Presset for å vere på det sigrande laget har blitt sterkare og sterkare, og sjølve spelet ute på banen hardare og hardare. Etter at kraftpakka Tor Syvert Jokelig blei med tidlegare i haust, har det fysiske spelet teke heilt av.
Det harde spelet har ført til ein del fysiske skavankar og gnisningar innad i rullatorgjengen, der gamle kompisar frå fotballbanen gjennom årtider og naboar i dagleglivet mest ikkje taler til kvarandre mellom treningane.
Manager Tore Tveit, som er svært oppteken av det sosiale i gruppa og ikkje bryr seg om dette med å vere på det beste laget, tykkjer dette er noko leit og har bestemt seg for å stogge utviklinga før rullatorgjengen fell frå kvarandre.
Alle spelarane skal difor heretter spele på same type sko, slik at ingen lenger skal kunne sette knottane i leggbeinet til kvarandre og kveste kvarandre stygt. På biletet syner inspektøren på barneskulen, Jan-Sverre Jensen, fram skoa. Jensen kjøpte på vegne av Tore inn eit stort restlager av skoa under bagasjeromssalet på Furuly i september - for ein billeg penge - og alle vil få slike sko utdelt på neste trening. Kostnadane vil bli bakt inn i treningsavgifta som alle må betale kvart år. Som endå eit straks-tiltak innfører Tveit adrenalin-måling på treningane. Spelarar som ekser seg opp under treninga, vil bli teken til side for å måle adrenalinnivået i kroppen. Målinga skjer på ein enkel måte (rectalt, bak eit pledd), med eit adrenalinmeter som er kjøpt inn til føremålet. Det er dette måleinstrumentet Geir Daasvatn syner fram på biletet. Som ein vil sjå, er det utforma for å vere enkelt å bruke. Svaret kjem etter berre eit par minutter, og syner apparatet for høge verdiar då (raud farge) vil vedkomande spelar bli nekta deltaking på resten av treninga.
Tveit seier til otrail.no at han har store forhåpningar til at desse tiltaka vil fungere, slik at stemninga på rullatortreningane kan kome attende på eit sedvanlig sedat nivå rimeleg raskt.
Både Tveit og Jensen ser ljosare på framtida no, når det er eit godt håp om å få slutt på den fæle knivinga på rullatortreningane framover hausten.