Den rutinerte ringreven Joachim Moseid hadde mest heile sesongen fyrsteplassen på Poengbørsen til A-laget i 6. divisjon. Men etter ein liten formsvikt dei siste par kampene, måtte han gje tapt for Pål André Ropstad som hadde motsatt formkurve og kom som ei kule på slutten. Det var ikke før i den aller siste kampen at den beinharde stiden om å vere bestemann i 2014 blei avgjort i favør av ordførarsonen.
Dette var eit voldsomt personleg nederlag for den rutinerte Joachim, som følte seg viss på å skulle hente heim "den store bøtta" i år igjen. Men heldigvis har han frametter hausten fått mykje moralsk støtte hjå kompisane i rullatorgjengen etter den sure nedturen. Han seier til otrail.no at støtta frå veteranane har vore ei stor oppmuntring i dei mørke haustmånadene etter sesongslutt, og at han er svært takksam for omtanken.
Ricky Smeland (t.v.), Jon Gunnar Kjetså og Jan-Sverre Jensen (heilt t.h.) har etter beste evne prøvd å oppmuntre Joachim så godt dei kan etter den leie nedturen tidlegare i haust.