Den ellers så framifrå fotballspelaren og skuleinspektøren Jan-Sverre Jensen har vore noko fråverande på rullatortreningane i det siste. Ustabil i oppmøtet og noko desorientert dei gongene han har kome. Særleg som målmann.
Men no skjøner me at konsentrasjonsproblema har si naturlege forklaring: Jensen har hatt mykje anna å tenke på - han skal inn i politikken!
Han er just blitt nominert på 10. plass på Arbeiderpartiet si liste til kommunevalet i 2015. Me kan ikkje anna enn å ynskje Jensen lukke til med valet. Kommunestyret vil få inn ein særs dugande representant om han skulle bli vald. Men me håper at han innimellom skjøttinga av den politiske karriera vil halde fram som ein inspirator og muntrasjonskjelde i rullatorgjengen.