Det var etter at OtraTV førre dagen viste den flotte filmen om Otra-expressen som sykla Color Line Setesdal Tour frå Kristiansand til Hovden tidlegare i år, at pattesalva - "Agrysan" som ho heiter på fagspråket - verkeleg kom i fokus. I filmen greier den lokale petroleumsmagnaten Egil Bjorå ut om kva som setta han i stand til å sykle heile 221 kilometer oppoverbakke på eit smalt sykkelsete på under 7 timar. Bjorå forklarer kort og fyndig suksessen med "pattesalve og Red Bull".
|
Forretningsmannen Egil Bjorå på YX Evje har indirekte og noko uskuldig blitt dradd inn i ein lei sak i mange heimar i bygda, etter sine bastante uttaler om vidundermiddelet Agrysan spenesalve.
|
Etter to strake tap og ein noko heldig uavgjort i dei siste tre kampane, har mange på "Young Guns" tydelegvis meint at dei óg - slik som YX-Bjorå - kunne oppnå lynrask fysisk framgang med enkle middel. Altså pattesalve. No smører dei seg etter rapportane å døme med illeluktande Agrysan opp mot 24 timar i døgeret, for å vere i best mogeleg form til det store revansjeoppgjøret torsdag kveld. Dei har blinka seg ut denne kvelden som den dagen då det lokale fotballhegemoniet endeleg - og for godt - skal skifte hender frå gamlingane på rullatorstadiet til ungdomen i sin beste alder. Det er ikkje lenger tale om ein liten og ubetydeleg lokal fotballkamp. Det heile har vakse til å bli ein generasjonskamp av historiske dimensjonar.
|
Dei frustrerte fruene som no ringer ned Daasvatn, legg ut om ein uhorveleg og utriveleg stank i heimane rundt om i bygda. Det er mest ikkje til å vere innomhus. Og dei understrekar - alle som ein - at eit normalt kjærleiksliv i kvart fall har blitt heilt umogeleg å oppretthalda. Karane lukter rett og slett for vondt.
Daasvatn seier til Otrail.no at han no vil be partane roe ned rivaliseringa. Fotball er gøy, og ein skal sjølvsagt gjere alt for å vinne kampane når ein først spelar. Men når ein er blitt 40-50-60 år, er ein over middagshøgda i livet, i kvart fall over høgdepunktet i fotballkarriera, og fotballen må ikkje få kome foran både koner og born. Den kjemiske dopinga som pattesalva medfører har så langt Daasvatn veit ikkje nokon påviseleg vitenskapleg positiv effekt på dei fysiske prestasjonane i ein fotballkamp, sjølv om Bjorå meiner den fungerer på sykkelsetet. Alle involverte partar bør difor straks slutte med å smøre seg med denne spenesalva, slik at eit normalt familie- og kjærleiksliv kan gjenopprettast.
(saka fortset under biletet)
Vezir Hajra bommar stygt på denne utboksinga på veterantreninga sist søndag. Men den gamle forsvarskjempa på A-laget Frode Hamre kjem han til unnsetning, og klarerer innlegget. Fleire bilete frå treninga her.
- Så må me heller sjå om ikkje torsdag 17. november kan bli ein rekorddag for rullatorfotballen, understrekar Daasvatn til slutt. - Det har vore opptil 22 spelarar med på desse treningane i haust. Etter det eg kan hugse - som dessverre ikkje er så frykteleg mykje - har så mange aldri vore med på rullatorfotball utomhus før. - Kan me få til eit nytt rekordoppmøte i kveld?? - Ingenting ville glede meg meir!