Otra IL Ærespris
Æresmedlemskap er høgste utmerkinga i Otra Idrettslag. Bare sju personar har blitt tildelt Æresmedlemskap i dei 50 åra laget har vore.
Æresprisen kan gis til personar som har fylt 30 år, og som har vore medlem i klubben i minst 10 år. Prisen kan gis for både aktiv og administrativ innsats. I særskilde tilfelle kan ein fråvike reglane om alder og antal år som medlem i laget. Bare 39 personar er tildelt Æresprisen på dei 50 åra som er gått sidan klubben vart stifta.
Rune Leifsen, som i dag er leiar i sykkelgruppa, fekk altså Otra IL sin Ærespris i 2010. Han fekk prisen for "Administrativt arbeid i sykkel. Mangeårig dugnadsinnsats i flere grupper, barneidrett, ski og sykkel". Her mottek heiderskaren den velfortente utmerkinga frå dagleg leiar i Otra IL Tony Halsall.
Torgeir Uleberg, som ikkje kviler på lauvbæra og alt i kveld er klar med salg av dei årevisse juleneka til skigruppa, fekk prisen for "Mangeårig administrativt arbeid i ski, aktiv i langrenn og turrenn. Dugnadsarbeid i ski".
Finn Larsen, som for tida kanskje er mest å sjå med kart og kompass i handa, fekk prisen for "Mangeårig administrativt arbeid i Otra, ski, orientering. Dugnadsarbeid i ski. Aktiv i løping".
Her kan du sjå ein oversikt over alle som fekk Ærespris og Æresmedlemskap på jubileumsfesten: http://www.otrail.no/index.php?m=nyhet&m_action=les_mer&id=3632
Og her kan du sjå tilbake på den noko nær magiske jubileumskvelden i Otrahallen: http://www.flickr.com/photos/51710523@N08/sets/72157624654216047/show/