Kommentar
Evje ungdomsskule deltek ikkje på Tinestafetten.
Som rektor på Evje ungdomsskule har eg avgjort at vi ikkje vil delta på Tinestaffetten. For dette får eg sterk kritikk av arrangør Otra IL representert ved leiar av friidrettsgruppa.
Vidare blir vi nærmast skulda for å arbeide mot fysisk aktivitet.
Bakgrunnen for avgjerda om ikkje å delta er fleire. For det fyrste har skulen fellesskap som ein hovudverdi. Etter mi oppfatning er det slik at konkurranseelementet er lyfta for mykje fram i dette arrangementet. Vi deltok før, men opplevde at dette vart eit arrangement for dei få. Eit hovudprinsipp for vår deltaking på slike arrangement er at dei skal vere for alle og byggje samhald og fellesskap. Vi arrangerer sjølv aktivitetsveke, balldag, skitur, friidrettsdag mm. Vi skipar og volleyballturnering ved joletider kvart år. Her stiller alle klassane lag.
Fysisk aktivitet og helse er eit av dei mest valde valfaga ved skulen. I tillegg tek med del i O-challenge. Eit tiltak der alle kan ta del på eigne premissar.
Vidare er det slik at dersom vi skulle ta del i alle arrangement som vi blir inviterte til, ville det gått sterkt ut over tida avsett til læring. Difor må vi seie nei til nokre. Det er rett at vi tok del i O-challenge same dag. Men etter det eg sit inne med av opplysningar, er det praktisk uråd å gjere dette samstundes slik det er lagt opp nå.
Til sist vil eg nemne noko som undrar meg. Etter å ha kikka på heimesida er det klart at det er Tine som sponsar denne stafetten, og at dei som er med får t-skjorter med Tine emblem på. Eg meiner dette fort kan vere i strid med Opplæringslova. Denne seier dette om reklame i skulen.
§ 9-6.Om reklame i skolen
Skuleeigaren skal sørgje for at elevane ikkje blir utsette for reklame som er eigna til å skape kommersielt press, eller som i stor grad kan påverke holdningar, åtferd og verdiar, mellom anna på skolens område, i lærebøker og andre læremiddel som blir nytta i opplæringa.
Det er mi plikt å syte for at skulen vert drive i tråd med opplæringslova. Når det gjeld reklame er lova klar. Eg er at den oppfatninga at det er vanskeleg å utøve skjøn i saker som dette. Difor vel eg å handheve desse reglane strengt. Tine har heller ikkje, så langt eg kan finne ut avklart dette spørsmålet på heimesida.
Det er dette som er hovudargumenta for at Evje ungdomsskule ikkje tek del i Tinestafetten. At dette fell ein entusiastisk leiar for friidrettsgruppa tungt for brystet får eg heller leve med. Det er mange særinteresser som meiner det dei driv med er noko av det viktigaste som finst og bør få ein sjølvsagt plass i skulen, og slik skal det vere. Men som leiar av ein skule er det viktig å sjå heilskapen og utøve mynde på best mogleg måte for alle.
Kjell Hansen rektor.