Majestetskrenking!
På ei trening for ei tid sidan kom dei to Manchester United-elskarane Andrea Bjorå og Anna Hauan til Liverpool-supportaren Tore med ei fælsleg teikning.
Saka fortset under biletet
Når ein ser hendinga i høve til den enormt høge statusen Tore og Liverpool meir generelt har i fotballgruppa, og særleg i rullatormiljøet - og den heiderskaren Tore er, kan ein ikkje sjå anna enn at teikninga er ei grov fornærming på grensa til majestetskrenking. Heldigvis tok direktøren på Evjemoen krenkinga som ein mann, og unnskyldte dei to jentene med at dei måtte ha fått ei dårleg oppdraging hjå fedrane Egil og Knall i oppveksten.
Tore vil sjølvsagt ta den mangelfulle oppsedinga opp med fedrane ved eit passande høve, men seier til Otrail.no at dette er ein privatsak som vil han handsame vidare i all stillhet utan at pressa er tilstades.
Tore med dei to skuldige i bakgrunnen.