Fotball er gøy!
Onsdag kveld spelte A-laget fotball inne i den nye Evjehallen for aller første gong. Heile 22 spelarar møtte fram denne historiske kvelden. I tillegg var fleire aktuelle folk på "Norway Cup-trening" i Byglandshallen. Så det er over 25 spelarar som er med på trening med A-laget med ujamne mellomrom.
Fornøyde ungdomar etter den aller første fotballtreninga til A-laget inne i den nye Evjehallen.
For ein forhenværande fotballspelar, der fotballen betydde "alt" i oppveksten og ungdomstida, er det klart at det gir eit lite stikk i hjartet at denne flotte gjengen ikkje lenger skal representere Otra IL i seriespelet. For vi er uten A-lag i 6. divisjon i 2017.
Men ungdom flest i dag (det finst mange unntak) liker ikkje så godt å forplikte seg til faste gjeremål og strikse tider. Dei tykker det er moro med fotball, men helst når dei kan bestemme opplegget og frammøtet sjøl. Det har eg stor respekt for. Tidene er annsleis i dag, enn då eg vaks opp. Vi hadde ikkje så fryktelig mykje anna å halde på med, enn å spele fotball eller å drive med andre slags idrettar. I dag er det så uendelig mykje anna spennande som skjer i tillegg, og som ein ungdom sjølvsagt gjerne vil få med seg mest mogeleg av i ungdomstida si.
Så det lille stikket i hjartet vil eg bare slutte å tenke på. I staden gleder eg meg over at ein slik fin gjeng med ungdomar treffast ein gong eller to i veka, får brukt kroppen sin litt og har det gøy saman. Det er ikkje noko stort mål i seg sjølv, at ungdom skal spele fotball på lågast mogeleg nivå i Agder, 6. divisjon. Det er eit mykje større mål på vårt nivå, at flest mogeleg ungdommarer med på fotball. Det har synt seg dei siste åra at mange fleire har lyst til å vere med i fotballen, når vi møtes og speler bare for gøy. Når laget har vore påmeldt i seriespel, med faste kampar kvar veke, har vi blitt færre og færre. Vi avslutta sesongen i fjor med 11 spelarar på siste kampen; akkurat nok til å fullføre 6. divisjon med eit naudskrik.
Interessa for eit A-lag kan kanskje endre seg hvis det med åra kjem opp fleire nye ungdomar frå dei yngre laga, som er vande til å trene regelmessig og ønsker å satse litt på fotball. Personleg håper eg det, for eg syns Otra IL på sikt bør ha eit seniorlag i fotball også. Men inntil det skjer, håper eg alle som er med på A-laget i dag koser seg og har det gøy med fotballen, og at endå fleire blir med når det blir vår og vi kjem ut på den fantastisk fine EHbanen.
Fotball er gøy!
Geir Daasvatn