Årets bom - søknad nr. 1
I denne samanhangen unge Reigstad var med all respekt ikkje i si beste form denne kvelden, og tyktest å vere i bryllaupsmodus allereie. Eller mogelegvis hadde han kome noko seint i seng kvelden før. Etter ei lang rekke bomskudd fekk han endeleg ballen servert på eit fat, og med eit nærast åpent mål fire meter framføre seg. Men med tankane ein heilt anna stad, gjorde han alle dei elementære feila i skotteknikken som han prøver å venne 10-åringane han er trenar for av med, og blåste ballen høgt til værs og alle andre stader enn der han skulle. "Ryggsekk" heiter det på fagspråket.
Heldigvis for Reigstad skjer det svært mykje anna spennande for han denne sumaren, og bommen blir nok fort gløymt! Men ein god kandidat til "Årets bomskot"-utmerkinga når sesongen er slutt, ja det er det!
Den tidlegare tanksenteren og storskyttaren Reigstad har fått ei perfekt tversoverpasning rett framføre mål, og skal bare breidside ballen i den opne kassa. Keeper "Dyret" Dyrland er forskriftsmessig ved framre stolpe, der innlegget kom frå, og no heilt utspelt. Men så kjem den berømte ryggsekken på...
Alle foto: Papa Razzi/Otrail.no
Me ser tydeleg korleis Reigstad mot alle reglar har lent seg bakover, og ikke kome over ballen i skotaugneblinken, slik ein lærar heilt frå barnsbein av. Resultatet er ikkje til å unngå - ballen fyk metervis over det tomme målet.