Det synte seg at dei to sjølvutnemde handelsmennene diverre nok ikkje hadde fått med seg alle timane med undervising i handelsfag på gymnaset. For då innkjøpssjefen etter eit stort sal av brusflasker måtte ned til Odd Arne Skjeggedal på SPAR for å supplere varelageret, kom det fram at innkjøpsprisen pr. flaske var 15,90 kr UTAN pant. Utsalsprisen som dei to kompanjongane hadde fastsett i styremøtet kvelden før var derimot bare 15 kr MED pant.
I to heile dagar jobba dei to noko tvilsame handelsmennene altså "skjorta av seg", med eit TAP på kvar einaste brusflaske som vart seld på 2,90 kr. Og det var ikkje få flasker som gjekk unna i varmen...
Sjølv om det økonomiske innsynet hos dei to ikkje kan seiast å vere den djupaste, har Tony i ettertid fått forhandla fram ein god rabatt på innkjøpet hos Otra-venen Odd Arne på SPAR. Så heldigvis kjem kioskdrifta ut i balanse når reknskapen skal gjerast opp. Og om overskotet vart magert, fekk dei to kompanjongane seg ihvertfall ein god historie med på kjøpet etter dei mange timane i kiosken i helga!