Den blodferske Ap-politikaren Jan-Sverre Jensen gjorde ein politisk nybyrjarfeil av episke dimensjonar, då han møtte Helga Pedersen på valgkampstand i Finnmark i ei knallblå "Høgre-skjorte" (biletet under). Men Jensen er, slik alle me som kjennar han veit, ikkje tapt bak ei vogn. Ved fyrste anledning, som synte seg å vere Naturligvis - Landbrukets Dag på Evjemoen, fekk han retta opp det ufordelaktige inntrykket frå Finnmarks-turen.
På valgkampstand for Ap i Evje og Hornnes på Evjemoen, strålte han om kapp med sola i ei knallrød Ap-skjorte. Ingen som for forbi Jensen i "politikar-gata" i Nordre leir, kunne unngå å sjå at her var det eit politisk stortalent på veg opp og fram som synte seg for bygdefolket.
Idrettslaget er og bør alltid vere ei overmåte partipolitisk uavhengig forening. Men sjølv om me ikkje direkte tek standpunkt til kva partipolitikk som er den beste for heimbygda vår, er me mykje stolte over at det største partiet i landet vender seg til Rullatorgjengen i Otra når det skal finne nye og friske politiske talent.