Unge Ropstad sleit ein del i starten, då han ikkje var heilt oppdatert på systemet med femten og femten tal i bingorekkene under kvar bokstav. Det var difor heller sjeldan at talet på kula "matcha" bokstaven på brettet då Ropstad las tala opp. "I-7" eller "B-30" er det sjølvsagt ingen som skjøner noko av i dette heller konservative spelemiljøet. Desse mange feil-kombinasjonane skapte naturleg nok ein del forvirring i det fullstappa lokalet der lufta dirra av spenning. Men Ropstad er trass i ung alder alt blitt ein mykje dreven lokalpolitikar og langt frå munnvalen. Med eit enormt tak på publikum, i sær jentene, forstumma han enkelt brottsjøane av kritikk med velformulerte lovnader om snarleg bot og betring. Ropstad vart då au - etter kvart - mykje tryggare i rolla og ein særs populær opplesar.
Det er her tale om ein uhyre prestisjetung jobb som alle i fotballgruppa traktar etter. Vervet heng nok no i en tynn tråd for den faste opplesaren Jon Gunnar Kjetså, som glimra med fråværet sitt denne gongen. Kjetså kan ha gjort ein av dei største tabbane i livet, då han fekk Krf- og Moisund-kompisen Ropstad til å steppe inn for seg i siste liten.