Det var førre leiaren i Otra IL, Finn Bjørn Rørvik, som fekk overtalt Olav Arne til å ta på seg det omfattande arbeidet med å skrive historia til idrettslaget. Olav Arne arbeidde på same tida med bind III av kultursoga for Evje og Hornnes. Han såg nok føre seg at det enorme arbeidet med å samle kjeldemateriale, samordne dette og skrive historia til idrettslaget kunne vere grunnlaget for eit kapittel om heile idretten i bygda i kultursoga.
Med historikaren og den ihuga målmannen Olav Arne Kleveland som forfattar, fekk me i Otra ei jubileumsbok av ein uvanleg høg kvalitet. Olav Arne la ned eit enormt arbeid for at boka skulle bli så fyldig som mogeleg og så godt skriven som råd var. Det er vanskeleg i dag å rekne seg fram til kor mange timar Olav Arne arbeidde med boka. Han sat mykje i eit lite rom på biblioteket og skreiv, og farta rundt omkring i bygda for å tale med "kjeldene". Han var og opp til Setesdølen på Bygland fleire gonger, og til Fædrelandsvennen i Kristiansand, for å finne stoff og bilete til verket. Alt arbeidet gjorde han gratis. Det var rein dugnad. I føreordet til jubileumsboka skriv Finn Bjørn at den store dugnadsinnsatsen, og den kvaliteten arbeidet vart utført med, gjer at Olav Arne føyer seg inn i rekkja av dei mange som i 50 år har tent klubben. Det er sanne ord.
Dei av oss i idrettslaget som "bare" kjende Olav Arne - og som kanskje aldri heilt har forstått storleiken hans som lærar, historikar, målmann, føredragshaldar og mykje anna - vil hugse han som eit godt menneskje og ein trufast bygdeven. Me kan for all framtid ta en kikk i den gule jubileumsboka og på den måten få eit lite gløtt inn i dei særmerkte evnene og kunnskapane hans.
Takk for det du gjorde for idrettslaget i heimbygda di, Olav Arne, og kvil i fred.
Helsing vener i Otra IL