|



Postadresse:
OTRA IL
Postboks 108
4733 Evje
Besøksadresse:
OTRAHALLEN
4737 Hornnes
Telefon kontor:
379 30 506
E-post:
post@otrail.no
|
 |

| |
Arkiv:
År:
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015
2016
2017
2018
Måned:
02
04
05
06
09
10
Siste 10 fra SYKKEL
|
30.09.2016
SYKLER OG SYKKELUTSTYR TIL CUBA
Lørdag 1. oktober fra kl 11.00- 15.00 står eg på parkeringsplassen utanfor Intersport og samlar inn til Cuba. Eg treng syklar i alle storleikar, sykkeltraller og barnesete til sykkel. Eg treng også brukt utstyr til sykkelsport, både landeveg og terreng. Eg treng ”alt”, d.v.s. klede, hjelm, sko, syklar, hjul, pedalar og seter.
|
|
|
Eg har som tidlegare nemt eit æresmedlemskap i Datadustenes
Forbund. Eg har masse bilete, men manglar en smule system. For to år sidan laga
eg ei mappe, ”Syklar, Otra-syklistar” for tilbakemeldingar. Plutseleg var mappa
borte. Etter lang tid dukka like plutseleg nokre av bileta opp att. Her kjem
dei:
- Ein
liten tøffing på sykkel frå Thomas Sokalski. Han var fem år og reikna på at
han snart skulle slå meg i temporitt, for han hadde høyrt at då fekk han
20 dollar. Riktignok blir dei yngre og yngre dei som slår meg, men dog!
- Ho
var av dei aller fattigaste og fekk ein strøken sykkel etter døtrene til
Egil Bjorå. Ho stilte i temporitt og vann sykkeltrøye frå Stimen på
Flekkerøya. Ho var veldig lei seg, for gutta i nabolaget tjuvlånte
sykkelen og øydela kjedekassa.
- Han
som fekk denne, nekta å tru at denne sykkelen ikkje var ny. For meg såg
den også ny ut. Men formann Bjorå hevda at hans fru hadde brukt den…
- Han
her jobba i forsvaret og hadde ikkje lov å ta imot noko frå utenlendingar.
Så han bad om at eg ikkje tok bilete av han på vegen der folk kunne sjå.
Eg meiner bestemt at det var ein grusom sprek syklist som hadde gitt dene
sykkelen, Ole Jakob Haugen.
5-6. Dei to som fekk syklar frå
Arild Nicolaysen og Magnus Reiersen var med i ein kristen menigheit. Dei tok på
seg dei beste kyrkjekledene dei hadde, då dei skulle få syklar, eit høgdepunkt
i livet.
7. Bortsett frå skuleuniformen, eigde denne
karen svært lite meir enn det han hadde på seg då han fekk sykkel frå Steinar
Tjessheim.
8-9. To smykker av nokre syklar
som Frank Mølland har sendt til Cuba. Førestill deg at du er blant dei
fattigste i gata. Du har aldri eigd noko fint i ditt liv, og så ein dag er du
eigar av ein slik sykkel.
10. Joar Kvaase frå Høvåg leigde
ein racersykkel av meg på Cuba to veker i sommar. Leiga var at han tok med
denne sykkelen på flyet. Og sykkelen kom frå ein av dei beste langrennsløparane
i verda, og han som fekk den er ein av Cubas beste kitere. Egil Ramse var lei
av å skru på sykkelen til Sondre og ga den til Cuba. Yury, som fekk den, skal
sykle til Playa Baracoa og gje gratis kite-kurs til fattige ungdomar. Og heile
familien Ramse vil også få gratis kite-kurs dersom dei kjem til Playa Baracoa.
1. 2.
3. 4.
5. 6.
7. 8.
9. 10.
|
|
|
|
 |
{hva_skjer_otra_b}



|