Om sykkelrittet
Haukeliruta Odda-Bø 2014 blir arrangert laurdag 5. juli.
Løypetrasèen
Løypeprofil Odda – Bø (Starten er Åmot er fra ca 136 km-merket)
Etter starten går rittet langs Sandvinvatnet, før stigningane startar opp mot Låtefoss. Vidare forbi Steinaberg bru brattare og smalt inntil ein kjem ut på E134 frå Haugesund. Deretter opp Seljestad, utanom tunnelen, altså over Røldalsfjellet, og ned dei bratte og svingete Røldals-brekkene. Saftstasjon i Røldal sentrum etter ca. 40 km.
Vidare opp den bratte Austmannlia, litt mindre bratt opp mot og gjennom Svandalsfl onatunnelen, så i lettare terreng fram til Dyrskar og løypas høgste punkt 1133 moh. Traséen går her utanom Haukelitunnelen på fast, men grovt dekke, og vegen er smal og svingete ned frå Dyrskar før ein kjem ut på hovudvegen att. Neste matstasjon ved inngangen til Vågslidtunnelen etter ca. 80 km.
Resten av vegen har godt dekke, og det kan gå svært fort ned mot Haukeli. I Grungedal er rittet halvkjørt, og det er kort veg til drikkestasjonen ved Vinje samfunnshus.Nå ventar ei kort strekning med stigningar, men frå Bøgrend er det lett terreng fram til Åmot, ca. 80 km frå mål. Her er også starten på kort løype.
Etter nesten ei mil med motbakkar opp Grønliheii, går det så lettare ned til Morgedal, hvor drikke venter på rytterne. Løypa fortsetter videre mot Seljord hvor rytterne tar inn på Rv 36. Dei siste tre mila går i småkupert terreng langs Seljordsvatnet, hvor siste mulighet for drikke er ved Sanden. Derfra og inn er det lettere terreng og over Øvrebøslettene er det på tide å planlegge innspurten. Ved ankomst i Bø vil vakter vise vei og stoppe trafikken fram mot målområdet ved Høgskulen i Telemark.
Klikk her for å laste ned løypetraseen
SE MER HER: http://www.oddabø.no/