|



Postadresse:
OTRA IL
Postboks 108
4733 Evje
Besøksadresse:
OTRAHALLEN
4737 Hornnes
Telefon kontor:
379 30 506
E-post:
post@otrail.no
|
 |

| |
Arkiv:
År:
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015
2016
2017
2018
Måned:
01
02
03
04
05
06
07
08
09
10
11
Siste 10 fra FOTBALL
|
26.06.2011
Agurknytt: Idar hamstrar dopapir!
Ein skulle tru hushaldninga til ungkaren Idar Tveit ikkje hadde det heilt store forbruket av dopapir. Ein kunne au tenkje seg at den topptrente orienteringslauparen hadde god fysikk og fast mage. Men slik er det slettes ikkje: Idar har no kjøpt HEILE restlageret av dopapir i fotballgruppa for å sikra forsyninga til vinterhalvåret!
|
|
|
Fotballgruppa sitt dopapirprosjekt var ein stor suksess i 2010. I 2011 har salet gått mykje tråare, og dopapirkongen Steinar Holte funderar på om ikkje heile dugnadstiltaket må leggjast ned.
Men ein mann i bygda skal ha stor honnør for å stø heilhjarta opp om salet: Orienteringskongen Idar Tveit! Førre dagen kjøpte Idar heile restlageret til fotballgruppa - 4 kartongar dopapir som utgjer 256 dorullar. Det er assisterande dopapirsjef, Dag Odde, som melder dette. Eigentleg ville Idar ha 5 sekkar, men lageret var altså tomt.
|
Idar vil ikkje springe på butikken i tide og utide!
|
Me veit ikkje kor lenge Idar tenkjer seg at dette innkjøpet skal rekkje. Men ut i frå det gjennomsnittlege forbruket av dopapir for ein vaksen nordmann (sjå Statistisk Sentralbyrå sine nettsider på www.ssb.no), skulle han ha nok dopapir for fleire sesongar.
Me har ikkje fått tak i Idar til å kommentere det store innkjøpet. Men broren Roald Tveit, det óg ein habil orienteringslaupar, seier til www.otrail.no at Idar gjer alle mogelege grep no, og tek alle detaljer på alvor, i et siste forsøk på å vinne den interne tvekampen i familien om å vere den beste orienteringslauparen.
"Dess større lager papir i kjellaren, dess mindre tid går med til å springe på Europris for å kjøpe nytt, og dess meir tid er det att til å trene i skogen." Dette tykkjest vere Idars treningsfilosofi komande O-sesong. Så får tida syne om dette er ein god taktikk i kampen mot broren.
|
|
|
|
 |
{hva_skjer_otra_b}



|